Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

«Trui alltid ljoset ser»

Utgave 1, 2024.


For ei tid tilbake var det for meg ein vanskeleg periode. Berre krig, naud og lidingar i kvart dagsnytt. Heilsvart vart det då eit menneske eg kjende godt, ein ven, vart drepen på brutal vis. Berre nokre veker tidlegare hadde eg takka for hyggeleg lag og samver. På ei lita samling i kyrkja song me Ambrosius sin kjende julesalme: «Folkefrelsar til oss kom». Overskrifta er siste line i sjette verset.

Teksten er meir enn 1600 år gamal. Den stutte setninga trefte meg sterkt, og for mitt indre auga nikka eg og lyfte hovudet. Ljosets lange line kom frå dei første Messias-profetiane i skriftene, via Isai stuven og Davids ætt, til Jesu fødsel, frelsesverket, og til Hans skiping av den verdsvide kyrkja med von for menneska no og i framtida. Etter Hans ord og lovnader skal Han, når tida renn ut i æva, fornya sitt skaparverk, og morgonstjerna vil vara ved.

Dette ljoset har vore til velsigning og von for generasjon etter generasjon gjennom tusenåra. I Joh. Op. 22,16 står ei setning som vitnar om ljosets lange strålar. Johannes høyrer Jesus seia:

«Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.»

Folkefrelsar til oss kom,
fødd av møy i armodsdom!
Heile verdi undrast på
kvi du såleis koma må.


Utan synd han boren er
som all synd for verdi ber.
Han er både Gud og mann,
alle folk han frelsa kan.

Du som er Gud Fader lik,
ver i vanmakt sigerrik!
Med din guddoms velde kom,
styrk oss i vår armodsdom!


Klårt di krubbe skina kan,
ljoset nytt i natti rann,
naud og natt til ende er,
trui alltid ljoset ser.


Ambrosius, v. 1, 3, 5, 6


Skrive av: Ingmar Lid