Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Brev frå Nicodemu

Utgave 6, 2023.


Kjære Nora, Frøydis, Inger Lise, Kjellfrid, Solveig og alle vennene i Norge. Eg helsar dykk i Jesu namn! Her i Mbulu har me det bra, og me takkar Gud for vern og helse som han gir oss. Me tilsette i ILCT takkar Gud for at arbeidet går så bra. Leseopplæringa viser framifrå resultat og mange har også lært å skriva og rekna. Så nå er det mange av iraqwstammen som kan lesa Bibelen på sitt eige språk, og det er til stor glede for folket og for leiarane i kyrkjene.

Når det gjeld tredagars-seminara har me stått på, og 200 har fått desse kursa i 2023. Dei har alle fått iraqwbiblar.

Barnehagen går det også fint med, og me har 60 barn der. I desember vil me ta avskjed med dei som skal begynna på barneskulen etter nyttår. Mange foreldre sender helsingar og takkar ILCT i Tanzania og i Norge for oppstart av barnehagen. Iraqwfolk i Mbulu sender svært stor takk til Frøydis, for gjennom lesekursa har mange også fått Jesus som herre og frelsar i livet sitt. Og mange her har lova å be om eit langt liv for Frøydis og andre som hjelper til med arbeidet i Norge.

På vegner av ILCT Mbulu sender eg mange takk til ILCT Norge for svært godt samarbeid, for forbønn og for pengestøtte! Må Gud velsigna dykk rikt! Me i Tanzania skal fortsetja å be for dykk.

Saman med takken har me også eit ynskje: Støtt oss endå meir! Det er framleis mange område der dei ber oss starta leseklassar. Me har vore redde for å gjera det på grunn av kostnadane. Hjarteleg takk. Me treng dykkar forbønn.

Ei god jul og eit godt nytt år ynskjer me dykk alle!
Salme 29,11: «Herren skal gi sitt folk kraft. Herren skal velsigna sitt folk med fred.»


Skrive av: Nicodemu Ammi, Omsett av Kjellfrid