Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Stor lærelyst i Yudea Sechek

Utgave 6, 2023.


Me starta klassen her med 34 elevar, og 31 fullførte kurset. Desse 31 elevane kan nå lesa, skriva og rekna. Dei rettar stor takk til den som starta skulen og til heile leiinga i ILCT for å ha brakt skulen til deira område. Folket var svært glade for skuletilbodet, særleg leiarane i staten. Landsbysjefen var særs glad då han høyrde at skulen skulle starta opp i hans landsby, og på eit landsbymøte oppmoda han folk til å melda seg på.

Eleven som song.
Denne eleven var svært glad for å ha lært å lesa, og ho sa at skulen hadde kome dit for hennar skuld. Ho ønska å dikta ein song til avslutningsfesten som ho ville framføre då. Dessutan bad ho meg skriva ned namnet til den som starta dette skuleslaget og namna til lærarane på kurset. Så begynte ho å dikta på songen sin.

Tidlegare hadde ho fortalt meg om ein dag ho var i kyrkja på eit seminar. Ho sat heilt framme, og talaren såg at ho ikkje hadde bibel. Han bad dei som kunne lesa om å rekka opp ei hand, og det gjorde folk, men ikkje ho. Så bad han dei som ikkje kunne lesa om å rekka opp handa, og då gjorde ho det. Folk var overgitt, og dei tok handa hennar ned. Trudde dei at
ho ikkje hadde høyrt kva talaren sa? Eller tykte dei at ho var i overlag frimodig som gav seg til kjenne? Men kvinna hadde høyrt rett og svara berre ærleg, ho.

Talaren prata med mannen hennar, som var glad for at det kom skuletilbod innanfor deira område, og ho fekk lov til å byrja på skulen. Det tek ein time å gå kvar veg, men ho bryr seg ikkje om at det er langt, for ho er så glad for å få undervisning.

Også andre elevar bur langt vekke frå skulen, og det er få slike skular. Dei kjem seint heim, og det er ei utfordring for dei.

Alle elevane sender stor takk til læraren som starta denne undervisninga. Dei seier: «Må Gud velsigna deg og auka leveåra dine og lykka di på jorda!»


Skrive av: Maria omsett av Kjellfrid Eggebø