Det er gildt og travelt å vera tilbake i Mbulu, Tanzania. Det har vore veldig varmt, men så kom regnet og det gjer godt på temperaturen også. Nå har folk det travelt med å luka i åkrane, somme sår nå , og me takkar for regnet og ber om at det blir passe regn til å få dyrka mat.
Eg har vore hos Biskop Nicolaus Nsanganzelu og snakka om katekismekurs i Hanang. Han har snakka med 10 prestar og orientert om seminaret og gitt meg liste over alle med telefonnummer. Me er i ein prosess med å sy saman ein plan.
Nå er det Gendabi først, 8-9 februar, og så Qatesh 13.-14. som er på planen. Eg er heilt framand i dette området, så det blir spennande. Dessutan kan det vera 3-4 timars køyring dit. Be at det må bli muleg å gjennomføra desse 10 to-dagars kursa! Det blir nok aktuelt å bu der litt, truleg i huset der Marit og Leif Tingbø budde.
Det er kjekt å treffa medarbeidarane att og gå inn i oppgåver med det same. Det har blitt ein del kopiering, og eg gler meg over ein god maskin.
På lærardagen 27 januar hadde me 44 lærarar her. Dei kjem med månadsrapport og får lønn og meir undervisning. Dei andre fredagane framover er det kurs for dei nye lærarane og hovedlærarane deira.
Den 24 januar fekk eg vera med på ein rundtur til dei nye klassane i Dongobesh området. Ein klasse hadde venta lenge for at me skulle få helsa på dei. Då me til slutt tok gruppebilde, kom ein elev i full fart på sykkel for å vera med. Ein annan klasse jobba med stavelsar. Fleire av hovedlærarane har vore lærarar hos oss lenge og viser glede over å undervisa. Elevane viste glede over å få læra. Når det galt levekår for lærarane, såg me ting som må forbetrast. Men alle veit at det trengs tid for å få alt i orden.
Det er to elevar som kjem frå ein annan stad og bur borte for å få læra å lesa. Dei er først med i sin eigen klasse og etterpå er dei med i den andre også. Lærarane hadde det klart for seg korleis dei skulle takla dette. Så me reknar med at desse blir rektig flinke.
I går var eg på gudsteneste og Harambee hos evangelist John Yasenti i Bambe, han som er med på seminara. Dei skulle samla inn bølgeblikkplater til nybygd kyrkje, plankar og spiker. Dei få medlemmene i denne prøve utstasjonen skulle gi 10 bølgeblikkplater kvar. Dei kom med 27 plater inn mellom murane til kyrkja. Med pengegaver vart det nok til 50, men endå mangla 50. Nokre gav plankar og andre spiker. Ei fin utviklinghemma jente kom med ein spiker. Evangelisten ga eit tre som skulle vera nok til 70 plankar. Sekretæren for kyrkja i området saman med kona og ein evangelist skulle gi mange plankar og dei skulle komma å setja dei opp. Eg vart glad og oppmuntra over iveren og oppfinnsomheten.
Her er mange oppgåver som me gler oss over, og me treng utruleg mykje forbønn for å gjennomføra dei. Takk til deg som er med!