Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Hald fast på det du har lært

Utgave 6, 2023.


Eg helsar dykk kjære i Jesu namn. Herren Jesus være lova! Me her i Mbulu har det bra, og me takkar Gud for hans underfulle gjerningar kvar dag, alltid. Eg vil nytta dette høvet til å takka for at de ber for oss dagleg. Me opplever at arbeidet går greitt etter slik me planlegg, og det takkar me Gud for. På alle stader eg inspiserer elevar, har eg sett at nokre har problem med augo, - dei ser ikkje godt nok. Dei ynskjer å læra, så lærarane får ekstra arbeid med å leggja til rette for desse ved å skriva store bokstavar på tavla. Dei treng hjelp.

Mange av desse elevane er gamle. Ungdommane er der også, men dei ynskjer å få undervisning for seg, sidan dei skjemmest over seg sjølve. Lærarane oppmuntrar ungdommane til å fylgje opp leseundervisninga utan å skjemmast. Må Gud hjelpa oss med dette!

Arbeidet på kontoret går greitt, og kvar einskild står på med sitt. Dei borna som skal begynna på barneskulen, skal ha eksamen i neste veke. Det trur me vil gå godt, sidan alle har lært å lesa og skriva.

Når det gjeld Basic-klassane, har tre klassar nyleg avslutta. I Sechek-Yudea var det 31, i Getaqubay 15 og i DNPC Kainam 16. Dei gler seg over å ha lært å lesa. På avslutningsdagen sende dei stor takk til Frøydis for å ha starta opp slikt eit skuleopplegg , og dei takka hjelperane hennar også. Må Gud i himmelen velsigna dykk alle!

På dei stadene me har fått starta undervisning går arbeidet godt, og oppmøtet er svært bra. Me takkar for dei som har tatt imot Jesus som frelsar under skuletida. Eg veit ikkje kor mange dei er, men presten seier at nokre har tatt imot Jesus takka vere skulen. Lat oss fortsetja med å gjera Guds arbeid og be for dei, slik at dei blir bevarte og alltid stolar på Gud! Presten seier at skulen vår har forbetra tilhøva i kyrkjelyden mykje. Han ber oss halda fram med å starta klassar, for det er så mange som treng hjelp. Særleg treng ungdommane som vil gifta seg hjelp. Dersom ingen av dei to kan lesa, får presten ein stor jobb med å læra dei liturgien utanåt. Han seier at arbeidet vårt er svært bra, så han ber oss fortsetja å hjelpa syskena våre som ikkje kan lesa, skriva og rekna.

Den dagen me reiste til avslutningsfest i Sechek saman med visebiskopen John Nade, uttrykte han glede og takksemd for arbeidet til ILCT: «De gjer ei stor gjerning! Må Gud velsigna dykk!» Han oppmuntra avgangselevane ved å seia at dei ikkje måtte gi opp, men stå på. «Les Guds Ord, om så berre eit vers kvar dag! Då blir de bevarte i trua dykkar!» Han oppmuntra dei yngste som var der til å søkja skule for å læra å sy klede, byggja hus, laga møbler og dyrka grønsaker. Nå som dei kunne lesa, burde dei læra endå meir. Ikkje stoppa med det dei hadde lært, men fortsetja!

Til slutt gav han dei eit ord frå Ordspråka i Bibelen, som seier: «Hald alltid fast på det du har lært, ta vare på det, for det er ditt liv.» (Ordspr. 4,13). Og Josva som seier: «Les denne lovboka til ei kvar tid.»

Det var verkeleg ein flott dag med mykje program. Og ekstra stas var det at utsendingen frå bispekontoret var med og delte ut vitnemåla.


Skrive av: Agnes Philipo, omsett av Kjellfrid