De kjære! Mange helsingar i Jesu Kristi namn! ILCT ynskjer å takka alle som hjelper oss ved å be for oss gong på gong. Me som arbeider her, får kraft gjennom dykkar forbøn. Eit takkeemne til Gud er fylgjande: Me har venta lenge på å få starta klassar i Ufana. Til nå har me hatt to klassar i Sechek, som var ein del av Ufana tidlegare. Nå førebur dei seg til eksamen i slutten av denne månaden. Men i september opna eg ein klasse i Orbesh i Ufana. Der er det svært mange som ikkje kan lesa, så dei treng opplæring. Det er planlagt avslutningseksamen tre stader i slutten av oktober. Då blir det mykje reising for å halda eksamen og for å dela ut vitnemål. Me har også opna ein ny klasse i Den lutherske kyrkja i Mamagi, i Haydom-området. Der er det mange som ikkje kan lesa, så dei har verkeleg bruk for hjelp. Til nå har 34 elevar meldt seg på der. Me planlegg tur for å dela denne gruppa i to klassar, med undervisning på ulike tider. For alt dette vil me takka Gud!
Eg har skrive rapport om dei klassane som er avslutta og dei klassane som held på nå i 2023, og desse rapportane er sendt slik at de kan sjå kva område ILCT sitt arbeid har nådd ut til så langt. Me har to klassar alle stader der me har undervisning med tre lærarar, - ein leiar og to hjelpelærarar.
Arbeidet går fint. Alle lærarane gler seg over arbeidet dei står i kvar på sin plass. Gud er i sanning trufast, så la oss takka han for alt godt me får frå han. La oss stadig be for arbeidet! Det gir kraft og styrke til all god gjerning. Takk for det eg får dela i dag! La oss be for kvarandre om at Gud velsignar oss alle og at me stolar på Han!
Bilete 1: Teachers' day