Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

«Sjå, eg har teikna deg i hendene mine.»

Utgave 5, 2023.


«Sion sa: «Herren har forlate meg, Herren har gløymt meg.»

Kan ei kvinne gløyma sitt diande barn, ei omsorgsfull mor det barnet ho bar? Sjølv om dei skulle gløyma, skal ikkje eg gløyma deg. Sjå, eg har teikna deg i hendene mine, murane dine er alltid framfor meg.» Jesaja 49,14 - 16.

For eit fantastisk bilde profeten formidlar her med tanke på Guds trufaste omsorg for sine. Sjølv om det utenkjelege skulle skje, at ei omsorgsfull mor skulle gløyma barnet sitt, så kan ikkje Gud gløyma sine. Beviset har me i Jesus, med sine naglemerkte hender. Der er me teikna, der er me trygge. Me veit òg prisen Jesus måtte betala for oss då han kom til jord. Ja, «han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, vi fekk fred, ved hans sår vart vi lækte.» Jesaja 53,5

Ikkje alltid kviler me der. Ulike ting i kvardagen møter oss, tvilen tek tak i oss og uroen er der. I Job 35,14 står det: «Jamvel når du seier at du ikkje ser han, så ser han nok di sak, og du må venta på han.» Jesus er der i din kvardag, han ser deg og høyrer deg, han veit kva du treng til!

Tenk, aldri gløymt av Gud, Jesus og Den Heilage Ande! Haldis Totland Reigstad skriv så fint i diktet:

Aldri gløymt av Gud.
Det er så lett å gløyma når motløysa tek tak,
at Gud som er allmektig vil ta seg av vår sak.

Det er så lett å gløyma når angsten aukar på,
at gjennom tette skodda vil Jesus med oss gå.

Det er så lett å gløyma når gudløysa er stor,
at han som knuste døden, skal ha det siste ord.


«Om enn ei mor kan gløyma, så gløymer ikkje eg.»
Gud kviskrar gjennom Ordet si trøyst til deg og meg.


Skrive av: Andakt av Solveig Norheim