Eg vil nytta dette høvet til å takka for forbønn, igjen og igjen, for alt vårt arbeid. Det er mitt håp at de alle har det bra! Arbeidet her går godt, på kontoret og alle stader, for kvar på sin plass. Frå 2021 til april -23 har eg vore med på avslutning for 20 leseklassar i ulike kyrkjesamfunn. For tida er det klassar på 16 forskjellige stader. Fire har nyleg avslutta og nye klassar kan starta opp. Så arbeidet går godt og Gud gjer oss i stand til kvart nytt steg. Frå dei 4 klassane som nyleg avslutta, i Nar og Qaaqá, sender leiarane i kyrkjene mange helsingar til dykk. Den dagen me hadde avslutningsfest med utdeling av vitnemål, var det stor glede både for elevane, for oss frå kontoret og leiarane i kyrkja. Det er mange helsingar og takk frå presten i Qaloda, der me har hatt klassar på alle utstasjonane, unntatt ein. I Dumanang er det 6 stader som ventar på undervisning. Den dagen me delte ut vitnemål i Qaaqá, sa presten at me måtte fortsetja med det gode arbeidet me gjer for Gud og også komma til Dumanang. Der er det mange som ikkje kan lesa, skriva og rekna. Nå har eg sendt lærarar dit for å ta imot påmelding, og me har planar om å starta klasse i slutten av august. Presten sender mange takk til dykk for at de har tatt imot kallet til å hjelpa søskena dykkar som ikkje kan lesa. Det var stor glede på samlinga! Helsinga til dykk var frå Salme 23,1-4 og Salme 25,1-3.
Han fekk også god anledning til å snakka med elevane. Avslutning med vitnemålsutdeling er eit stort takkeemne. Ja, me takkar Gud for alle hans velgjerningar mot oss til ei kvar tid.
I går fekk eg eit fint høve til å vitja klassar og deretter køyra heim saman med Nicodemu som var på Aseminar. Eg og sjåføren klarte å starta turen tidleg. Me vart velsigna av Kol. 3,17: «Og alt de gjer, i ord og gjerning, gjer det alt i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved han!»
Klassen i Madunga starta tidleg, mens det enno var mørkt. Me kom dit då dei heldt på med rekning. Dei gledde seg over at me kunne komma så tidleg. Klimaet i Bashnet er kjøleg, kaldare enn andre stader. Dei vart overraska og glade over å sjå at eg klarte å komma, og dei var godt i gang med å læra. Etter dette klassebesøket, vitja me ein annan klasse i Getaqubay. Dei har undervisning på anna tidspunkt enn dei i Madunga, så det gjekk greitt. Inntrykket frå klassen var bra. Dessutan fekk eg vitja ein elev som har hatt problem med føtene sine frå fødselen av. Eleven kunne ikkje gå. Eg fekk komma heim til han og undervisa der. Eleven gledde seg over å ha lært å lesa, og nå skal dei starta i andre læreboka neste veke. Framgangen var bra.
Eg sjølv gler meg over å få skriva til Glytt. Det er også takka vere Guds nåde. Hjarteleg takk til alle leserane av dette bladet! Må Gud fortsatt velsigna dykk og gi dykk styrke heile livet! Ordet eg vil helsa dykk med er Nehemia 9,19-20: «Men du, i di store miskunn forlét du dei ikkje i øydemarka. Skystøtta veik ikkje frå dei om dagen, men leidde dei på vegen. Heller ikkje veik eldstøtta frå dei om natta, men lyste for dei på den vegen dei skulle gå. Du gav dei din gode Ande til å læra dei. Du nekta ikkje munnen deira manna frå deg, og du gav dei vatn når dei tyrsta.»