Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Bønn

Utgave 4, 2023.


Almektige Gud, du vår Far, me takkar deg for at du sende lærar Frøydis som ei gåve, som leiar og oppstartar av ILCT Mbulu.

Far, me takkar for at når ho møtte store utfordringar, gav ho ikkje opp, men bar korset sitt til nå.

Far, me ber om at du ser til helsa hennar med dine omsorgsfulle augo, rettar ut handa til lækjedom og let medisinane ho brukar lækja!

Far, me ber for leiaren vår, Nora, som har vore hjelpar og pådrivar for ILCT til nå. Me ber om at du lækjer henne den tid me treng henne som søyle i ILCT. Sjå på henne med omsorgsfulle auge til helbred!

Far, me ber for dei andre leiarane og dei i styret: Inger Lise, Solveig, Kjellfrid og Nora Johanne. Me overgir dei og alle oppgåvene dei har fått i ILCT i di hand. La dei lukkast.

Far, me ber for alle dei som gir av eigedelane sine til arbeidet. Velsign dei hundre fold for deira kjærleik og omsorg for oss!

Far, me ber for leiarane i Mbulu: Elia Goroi, Nicodemu Ammi og Agnes Philipo. Lei dei i planlegginga av arbeidet slik at det må lukkast! Ikkje på grunn av oss, men for di skuld.

Far, hald fram med å velsigna og utrusta oss for oppgåvene som ligg framfor oss!

Far, me takkar for alt dette!

Gud, velsign Norge og folket der! Gud, velsign Tanzania og folket der!

(Salme 133,1-3)


Skrive av: Aloice E. Amnaay