Salme 103, 1 - 5 : «Lova Herren, mi sjel, og alt som i meg er, lova hans heilage namn! Lova Herren, mi sjel, og gløym ikkje alle hans velgjerningar! Han som tilgjev alle dine misgjerningar, som lækjer alle dine sjukdomar. Han som løyser ditt liv frå grava, som kronar deg med miskunn og nåde. Han som mettar di sjel med det som godt er, så du vert ung att som ørna.»
Her møter me ein David som verkeleg har stoppa opp og fått sett inn i kva Guds ufattelege omsorg, kjærleik og tilgjeving har betydd for livet hans. Ei fullkomen tilgjeving for all skuld! Dette tok tak i David, ja, det tende ein lovsong i han som steig til himmelen med stor jubel! Kva er så grunnlaget for vår lovsong? Jau, nett det same som for David. Me kan til og med lesa vår Bibel og sjå at alt det som var profetert om Jesus er røyndom, ja, oppfylt ved Jesus! Grunn til lovsong og takk? Eg tenkjer på det fantastiske bibelarbeidet i Tanzania og evangeliet som har nådd ut til så mange, - eit arbeid som framleis er i full sving! Grunn til lovsong og takk? Og mest av alt, sjå verkeleg inn i det Jesus fullførte
på krossen på Golgata for oss alle! Grunn til lovsong og takk?
Takk at du tok mine byrder, eit høgfjell av skuld og av skam.
Du bar det på skuldrene dine, du skuldlause sonofferlam.
Takk at du bar mine synder, betalte mi skyhøge skuld
med blod frå ditt fullkomne hjarta, og ikkje med sylv eller gull.
So vil ved korset eg standa. Med undring eg ser: Eg er fri!
Eg skal ikkje døy, eg skal leva med Jesus til æveleg tid!
Trygve Bjerkrheim