Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Herren Jesus vere lova!

Utgave 3, 2023.


Me i ILCT Mbulu takkar Gud for liv og god helse og for at arbeidet vårt framleis går svært godt! 4.-6. april fekk me ha A-seminar i DNCP-kyrkja i Muslur. Det var svært mange som var med, 51 deltakarar.

Alle tok eksamen, dei fekk utdelt vitnemål og fekk biblar i gåve. Det var verkeleg ein glederik dag! Alle sender stor takk til leiinga, og særleg til bestemor Frøydis og til Nora og alle som støttar arbeidet i Norge. Dei lova å be for dei som støttar ILCT, slik at arbeidet kan fortsetja og bera frukt i alle prosti i Mbulu bispedømme. Når det gjeld Basic-leseklassane har dei vore gode forbilde for alle iraqw-talande. Mange iraqw- talande har lært å lesa, skriva og rekna, og no er dei gode bibelleserar rundt i kyrkjene. Framleis startar me opp nye leseklassar i Mbulu og Haydom prosti. Når det gjeld barnehagen held lærarane fram med god undervisning for dei små under 7 år. Dette året har meir enn 20 elevar avslutta barnehagen og begynt på barneskulen. Nye barn har allereie fylt opp plassane. Der er no 60 barn, 30 på føremiddag og 30 på ettermiddag.

Me i ILCT Mbulu set pris på samarbeidet med ILCT Norge, og særleg pengestøtta til utstyr og lønningar. Derfor ber vi inderleg til Gud at han vil røra ved dei som gir pengar i Norge, særleg ungdommar, slik at dei vil støtta arbeidet i Mbulu enda meir. På den måten kan arbeidet fortsetja å ha god framgang, - me kan opna nye klassar, halda A-seminar og ta oss av vedlikehald av bygningane. Hjarteleg takk til støttegruppa! Mest treng me forbøna dykkar. Må Gud velsigna dykk rikeleg!

1. Kor. 16,13: «Ver vakne! Stå faste i trua! Ver modige! Ver sterke!»

Fil. 4,19: «Så skal min Gud, som er så rik på herlegdom i Kristus Jesus, gje dykk alt de treng.»

Jesaja 40,31: «Men dei som ventar på Herren får ny kraft, dei lyfter vengene som ørna, dei spring og blir ikkje slitne, dei går og blir ikkje trøytte.»


Skrive av: Nicodemu Ammi, ILCT Mbulu, Omsett av Kjellfrid