Eg vil nytta dette høvet til å takka alle som arbeider i ILCT for arbeidet dei siste 6 månadene. Me har hatt godt samarbeid på kontoret og med Basic-klassane som fortset i Dongobesh og Haydom prosti. Generelt går arbeidet godt. Gud, som me set vår lit til kvar dag heile tida, hjelper oss. Me takkar også alle leiarane i Mbulu bispedømme for samarbeidet, også lokale leiarar. Me har samarbeidd med andre kyrkjesamfunn også, slik som TAG, KLM, DNPC og KLPA, og det har gått fint. Når det gjeld staten, har me vore saman ved vitnemålutdeling i klassane våre. Dei gler seg over det gode arbeidet som fortset i områda deira. Me står verkeleg saman om å hjelpa folket vårt. Me planlegg A-seminar i Maghang 13.-15. juni. Etter at eksamensoppgåvene er retta, vel me ut hjelpelærarar og kan starta Basic-leseklasse der desse er. Slik kan me fortsetja til nye område etter som Gud leier oss og opnar for oss. Me planlegg også å ha seminar på AA Gameyu i Bashnet. Sidan det her finst mange som ikkje kan lesa, skriva og rekna, vil me starta klasse etter seminaret. Me foreslår også å starta klasse i Ufana, på staden Datari. Evangelisten ynskjer oppstart i slutten av juni, men det kan bli juli fordi det er mange møter i kyrkja der i juni. Sjølv ynskjer eg at me får starta mange klassar i Ufana, sidan Frøydis arbeidde der og mange no er veldig gamle. Det er berre Gud som kan fullføra det me planlegg. Utan han kan eg ikkje gjera noko, og godt arbeid kan ikkje komma av berre mine eigne planar. Men Gud, som eg trur på og er avhengig av, han er vegen og hjelpa kvar dag i allslags arbeid me planlegg. Me takkar han for alt han gir oss alltid. Amen.
Eg har godt nytt om ei mor blant elevane våre i TAG Getagujo. Ho seier ho vil læra å lesa, skriva og rekna før Jesus hentar henne frå dette livet, og ho vil lesa Bibelen. Ho er i sanning innstilt på å læra! Eg møtte henne den dagen me starta, og ho sa at målet var å lesa Bibelen før Jesus henta henne. Eg oppmuntra henne og sa at ho kom til å oppnå dette. Ho trong ikkje vera redd for at Gud ikkje ville hjelpa henne. Eg fekk tatt bilete av henne der ho står åleine i kyrkjedøra og held ei bok i handa. Det er ei mor som ynskjer å dra andre til Jesus. Dersom ho fortel dette til andre, vil dei få meir glød til å høyra og læra vår Herres Jesu Kristi ord. Kontorarbeidet har generelt gått greitt, både å laga ein besøksplan, senda den til generalsekretæren og få tak i bil og sjåfør. Barnehagen har vore stengd fordi det er ferietid frå 31. mai til l3. juli. Borna får god tid til å vera saman med familiane sine, og lærarane får arbeida heime med sine familiar. Må Gud velsigna oss alle saman, alle som gjer sitt til at ILCT sitt arbeid har framgang! Gud verne dykk alle!