Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Frukt som varer

Utgave 3, 2023.


I vår tid er folk opptekne av at kortvarig innsats kan gje gode resultat og rask vinning, og dei leitar etter gode prosjekt å satsa på. Ja, da vert livet eit jag etter prosjekt med hurtig målbart utbytte og gjerne personleg ære på kjøpet. Vert ikkje målet nådd og resultatet som forventa, følgjer vonbrot og nederlag som er tungt å bera. Var det slik Gud tenkte vi skulle fylla livet og dagane våre? Nei, han hadde ein annan plan for oss. Gud satsar på deg og meg. Han har valt ut nettopp oss til å gå ut og bera frukt, frukt som varer: «De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn.» Joh. 15,16 Varig frukt, framtid og von for iraqwfolket, er målet for arbeidet vårt. Vi er kalla til bøn og arbeid. Gud vil gje vekst, det har han lova. (1. Kor. 3,7) Det handlar ikkje om kortvarig vinning, men varig frukt som skaper noko nytt for iraqwfolket.



1
Åkrane kvitnar mot hausten. No er det tid til å gå.
No er det tid til å byggja Guds rike,
ingen må ledige stå. No er det tid til å gå.

2
No er det tid til å hausta. Gå på Guds åker i dag.
Berga for himlen den kostbare grøda.
Kallet frå Gud står ved lag: Gå på Guds åker i dag.

3
Tindrande klårt talar Ordet: Ber denne bodskapen ut.
Enno står døra til himmelen open,
vend dykkar hjarto til Gud. Ber denne bodskapen ut.

4
Åkrane kvitnar mot hausten. Himmelens rike er nær.
Han som er sanninga, vegen og livet,
mønstrar med kjærleik sin hær. Himmelens rike er nær.
Haldis Reigstad


Skrive av: Nora Klungseth