Då Frøydis Nordbustad kom til Tanzania i 1958, vart ho plassert i Dongobesh. Anna Strøm skulle lære Frøydis swahili og Frøydis skulle hjelpe Anna i kvinnearbeidet i Qaloda. Men Frøydis Nordbustad fann fort ut at ho ikkje kunne kommunisera med folket på swahili, så ho ynskte lære stammespråket iraqw.
Å finna ein iraqwfamilie ho kunne få lov å bu hos vart løysinga. Ho vart svært godt motteken i ein iraqwheimen. Dei sette svigerdottera si, Rebekka, til å undervise Frøydis.
Frøydis hjelpte «iraqwlæraren» sin med alle praktiske oppgåver, for å lære mest mogeleg, og det gjorde vesle Yusto og. For der mor var der var Yusto også. Familien sette etter kvart så stor pris på Frøydis at dei adopterte henne, og gav henne namnet /Awaaki Madangi.
Yusto er ingen smågut lenger. Han er sokneprest i Qaloda, og han la alt så vel til rette for lesekurs i kyrkja si. Frøydis starta arbeidet sitt der i samarbeid med Anna Strøm. Ringen er slutta, etter 59 år har Frøydis teke oppatt arbeid i Qaloda (Dongobesh). Fork. 11, 1 er framleis truverdig.
Bilde1 : Anna Strøm
Bilde2 : Rebekka og vesle Yusto
Bilde3 : Frøydis og adoptivmora