Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Jubileumsåret 2023

Utgave 2, 2023.


Sjølv om vi har vorte forseinka med «påskenummeret» i år, pga. sjukdom og eit dødsfall, så har ikkje det vore noko til hinder for arbeidet i Mbulu. Der har dei hatt ei uvanleg travel tid. Mange klassar vart avslutta i april, samstundes med at 2 nye klassar har vorte starta same dagen. Og slik fortset det i mai månad også. Seinast i går, 3. mai, spurde Agnes om vi kunne utsetja det digitale møtet med dei tilsette i barnehagen, som vi hadde planlagt til neste veke: «Det er så travelt og tettpakka med mange oppgåver no, at vi finn ikkje plass til det på tidsskjemaet vårt.»

3. mai deltok vi digitalt på onsdagsmøtet, bønnemøte saman med dei tilsette. Nicodemus var ikkje tilstades fordi han underviste på det fyrste A-seminaret i Maretadu. I dag skulle Agnes dit for å dela ut vitnemål og biblar. Om det vart opna Basic-klasse i dag òg, som planlagt, har vi ikkje fått tilbakemelding om i skrivande stund. Tenk at det endeleg vart mogeleg å koma til Maretadu!

Den fyrste Basic-klassen var planlagd i Dongobesh. Fordi det var så få analfabetar som våga seia at dei ikkje kunne lesa i Dongobesh (det er skam å vera analfabet), vart klassen flytta til Goosamwaán. Klassen i Goosamwaán vart opna i oktober 1978.

Anno 2023 er eit Stort Jubileumsår. Det er 45 år sidan Frøydis Nordbustad opna den fyrste Basic-klassen, og framleis sit Frøydis og fylgjer med på kartet. Vi har så uendeleg mykje å takka både Gud og kvarandre for. Men HAN skal ha æra og takken! Han har vore rådgjevar og leiar heile tida og gjort det umogelege mogeleg.

Difor ynskjer Frøydis og Nora deg velkomen til

Jubileumsmiddag på Helgatun sundag 30. juli. Det vert også starten på årsmøtet til ILCT. Møtet opnar sundag med festmiddag og vert avslutta tysdag etter middag. Av omsyn til kjøkkenet, ber vi om påmelding frå dei som har lyst til å vera med på Jubileumsmiddagen. Lat oss gle oss og jubla saman, og takka for at det er 65 år sidan Frøydis starta arbeidet, 45 år sidan den første Basicklassen vart opna og 20 år sidan iraqwbibelen vart innvigd.

Vi har mykje å vera takksame for.

Detaljert program i juni-utgåva av Glytt.

* Bilde1 (1978) Frøydis som mottek ein hane i gåve. Veggen i klasserommet er delvis tetta med kumøk.
* Bilde2: (1978)Stefano som underviser.
* Bilde3: (2023)Frøydis studerer kartet


Skrive av: Nora Klungseth