Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Reiskap for Gud

Utgave 2, 2023.


Eg har nettopp lese søndagsteksten i Stavanger Aftenblad. Det er om Peter sin fiskefangst. Joh. 21, 1-14 Sju disiplar har streva heile natta utan å få noko. Men så står Jesus på stranda og ber dei kasta nettet på høgre sida av båten. Dei gjer det han ber dei om, og dei får 153 store fiskar. Når dei dreg garnet til lands, ser dei at det er eit bål med fiskar og brød der. Jesus ber dei komma med nokre av fiskane dei har fått. Og så inviterer Jesus trøytte, slitne og svoltne disiplar til måltid på stranda. Kvifor trong Jesus både det han sjølv hadde førebudd og nokre av dei nyfiska fiskane? Skal tru om Jesus
med dette ville visa at han inkluderte disiplane i tenesta? Jesus var initiativtakaren og den som gjorde undera. Men disiplane fekk vera reiskapen. Jesus trong dei til å kasta garnet og dra i land fangsten.

Jesus treng folk i dag til å utføra tenester. Han sjølv er den som gjer under slik at det blir til noko. Og me er kalla til samarbeid med Han som kan gjera meir enn alt!


Skrive av: Kjellfrid Eggebø