Takk for godt samarbeid i året som gjekk! Ringverknaden av arbeidet er ufatteleg stort. «Gud mangedoblar pengane dykkar med si velsigning», sa fylkesmannen i Mbulu Distrikt. Eg og du får vera med i arbeidslaget til Jesus, blir velsigna og får vera til velsigning, slik kvinnene vi les om i Luk. 8,3 var til hjelp for Jesus og dei 12 medarbeidarane hans. I vårt arbeid har han meir enn 12 medarbeidarar. Dei har tøffe arbeidsdagar, og i tillegg er dei slitne pga. økonomiske problem. Dei har lenge vore underbetalt. Prisauken på alle ting, transport og varer, har nådd dit òg. Difor har styret i ILCT gått inn for å heva lønningane for dei 28 lærarane og for dei tilsette, som ei hastesak. Då vil kanskje dei som har slutta på grunn av økonomiske problem koma tilbake òg. Lærarane har lange og tøffe arbeidsdagar.
Stor takk til dykk som hjelpte oss slik at vi spontant kunne auka løna. Men det kan ikkje vera eit eingongstilfelle, men ein lønsauke for heile året. Dersom kvar og ein av oss «tek vår vesle stein», så greier vi det. Saman er vi sterke. Samstundes ekspanderer arbeidet til nye områder, med lange reiser. Kvart team har minst to klassar per dag, ofte ein klasse i den lutherske kyrkja og ein klasse i eit anna kyrkjesamfunn. Nicodemu fortalde at det melde seg 30 kursdeltakarar i den lutherske kyrkja i Yudea i prostiet Sechek. Det første starta den 12. desember og det andre 9. januar, etter at kurset vårt som starta i fjor avslutta. Det betyr at den lutherske kyrkja i Yudea fekk 15 nye i fjor som kan lesa og som fekk bibel, og at dei snart får 30 til som kan lesa iraqwbibelen. Dvs. at det vert 45 lesekunnige «evangelistar» i Yudea.
Den 14. februar opna dei ein ny klasse i TAG Getaqubày, så i år får også den landsbyen 15 som kan lesa iraqwbibelen:
Frøydis Nordbustad sit ofte med distriktskartet og fylgjer med på kvar dei er og kvar dei skal opna nye klassar. Peikefingeren fer over kartet, ho gler seg over at iraqwbibelen har fått føter å gå på. I diktet «Ordet arbeider» set Gunvor Grødem ord på det vi opplever no:
Guds Ord gjer si gjerning mens arbeidet går –
Ein del tek det til seg og frelse får.
Det vidar seg ut som ringar i vatnet
og spirer i hyttene utover landet.
Mange av oss kjenner på at kreftene minkar og ser at vi må slutta å kalkulera med eigne krefter. Den som ingen krefter har gjev han STOR styrke, seier Ordet. 1. Pet. 4,11 og 2. Tim. 4,17.
Det er rikt å få stå i eit himmelsk samarbeid, vera velsigna og til velsigning!