De kjære i Herren, Frøydis, Nora, Kjellfrid, Solveig, Inger Lise, Nora Johanne og alle de som støttar ILCT i Norge! Jesu namn vere lova! Me som arbeider i ILCT Mbulu har det bra, og me takkar Gud for at han har verna oss og ført oss inn i eit nytt år, 2023. Utviklinga av arbeidet vårt her har god framgang, og Gud er med oss. 9. januar fekk me opna ein ny leseklasse i prostiet Sechek, i den lutherske kyrkja i landsbyen Sayuni. Det var ein spesiell klasse med mange elevar. Aloice og eg, Nicodemu, reiste for å starta den opp, - ein klasse med 30 vaksne som ikkje kunne lesa og skriva. Det var ei stor glede å bli godt mottekne av hovudpresten i Sechek. Han oppmuntra elevane til å prioritera skulen og komma i rett tid til
timane.
Me har også håp om å opna ein ny klasse den 14. februar i TAG Getaqubày.
Undervisninga i barnehagen går veldig bra, og Frøydis sin skule får mykje ros for god opplæring og flinke lærarar. Men sjølv om barnehagen får mykje ros, er det mangel på diverse utstyr til leikar og ballspel, og me treng ei disse til. Men alt dette krev pengar, og me vil vera takksame om ILCT ser seg i stand til å hjelpa oss med desse utfordringane.
Når det gjeld seminar A, skal me frå mars av halda 3-dagarskurs samtidig med å starta nye leseklassar. Alle som arbeider i ILCT Mbulu sender stor takk til Nora og styret for ILCT i Norge for lønnsauke. Alle har lova å arbeida med truskap og iver. Me ynskjer dykk eit godt liv og godt arbeid!
Må Gud velsigna dykk rikt! Velkommen til Mbulu når det måtte høve!
Hjarteleg takk!
Frå ILCT Mbulu 10.02.2023.
Habakkuk 3,2:
«Herre, eg høyrde gjetord om deg, eg såg, Herre, det du har gjort. Ta det opp att i vår tid, gjer det kjent i vår tid! Hugs å visa miskunn sjølv om du er vreid!»