Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Jesu namn vere lova!

Utgave 1, 2023.


Eg vil nytta høvet til å takka den allmektige Gud for dei mange velsigningar som han sender til alle sine born utan å gjera forskjell. Alle er me Guds born. Vår Gud er god, difor er Han god mot oss til alle tider. Så har eg lyst til å skriva om noko som er gildt for ILCT både i Norge og Mbulu:

Bønnemøta som me har saman kvar onsdag! Gud har sagt at om det berre er to som ber i hans namn, så er han midt mellom dei. Dette bønnefellesskapet er eit viktig ledd som bind oss i hop. Dette takkar me Gud for. Utan han kan me ikkje klara noko. Det å kunna sjå einannan over internett, kunna snakka og høyra stemmene er verkeleg positivt. Me takkar leiarane våre for dette tiltaket, dei som starta opp med bønn på denne måten, Frøydis, Nora, Kjellfrid og andre eg ikkje veit namnet på. Me takkar også Solveig og Inger Lise og alle dykk andre som ber for oss. Må Gud velsigna dykk og familiane dykkar rikt alle saman!

ILCT har lukkast i svært mange ting, med nye klassar i landsbyar i Mbulu og Babati. Dette er takka vere innsatsen til leiarane våre som har reist rundt jamnleg for å få kontaktar. Må Gud leia Agnes og Nicodemu vidare i arbeidet saman med Nora, Frøydis og Elias Goroi! Denne flotte utviklinga har sin grunn i frøa som lærar Frøydis planta. Dei har bore rik frukt i Mbuluområdet, i byen, i Mamaisara, Daudi og Gehandu. Stor takk til deg Frøydis, for alt dette! Må Gud gi deg god helse! Desse frøa planta du ved å omsetja Bibelen til iraqw og ved å gi folk hjelp til å lesa, skriva og rekna.

Hjarteleg takk til dykk alle i ILCT i Norge som gir pengar til arbeidet her! Må Gud velsigna dykk hundre foll!

Filipparane 4,4: «Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk!»


Skrive av: Aloice Yame Amnaay