Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Han som ser meg

Utgave 1, 2023.


I første Mosebok kapittel 16 får Gud eit fint namn: «Han som ser meg.» Det er Hagar som seier det. Ho har rømt frå Sarai. Sarai gav henne til mannen sin, Abram, for at ho skulle føda henne ein son. Men då Hagar vart gravid, såg ho ned på Sarai. Sarai svara ved å audmjuka Hagar så mykje at ho rømte. Herrens engel fann Hagar i ørkenen og spurde kvar ho kom frå og kvar ho skulle. Hagar svara sant at ho hadde rømt frå Sarai. Herren bad henne venda attende og tena Sarai.

Herren sa at barnet ho skulle føda skulle bli til eit stort folk. Hagar vart trøysta, og så gav ho Herren dette fine namnet: «Du er ein Gud som ser meg. (---) Har eg her verkeleg sett han som ser meg?»

Gud ser både deg og meg og alle andre. Han ser når barnet hans har det godt. Han ser når livet er vanskeleg. Gud ser når me er i fare. Han er der når me blir freista og prøvd. Han ser og ynskjer å hjelpa. Han veit best kva me treng, og han kan best skaffa oss det.

Herren ser også når me feilar og gjer det som er imot hans gode vilje. Då vil han tala til oss slik at me ser sanninga. Han vil kalla oss til oppgjer og bønn om tilgjeving. Hans mål er å hjelpa oss på vegen til evig frelse.

«Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gi dykk kvile.» Matt. 11.28


Skrive av: Kjellfrid Eggebø