Den 23. Februar vart det umogelege mogeleg, enno ein gong. Og Føydis Nordbustad kunne ynskje Bibelselskapet i Tanzania velkomne til Mbulu. Med seg hadde dei 10 000 rykande ferske Iraqwbiblar.
Det var eit krafttak å få finansiert oppatt trykkinga av iraqwbibelen. Saman er vi sterke, det gav resultat. Og saman lukkast vi!!! Stor takk til kvar og ein av dykk som var med å gjorde det mogeleg, og til det norske Bibelselskapet for deira bidrag.
Til stor jubel kom bilen til Bibelselskapet i Tanzania, med dei nye iraqwbiblane. Alle tilsette i ILCT TB møtte opp for å hjelpa til med å få biblane inn i konteinaren, før det byrja regna att. Det er regntid, og vi frykta at regnveret skulle skada biblane. Men bilen med biblane kom til Ujenzi mellom to kraftige regnbyer.
Det var ein stor dag for oss alle, daa Zakayo, Frøydis og Kristina, bibelomsetjarane, nokre dagar seinare kom for å opna den første boksen med biblar.
Ei sterk oppleving å vere til stades, daa desse tre la hendene sine på bibelboksane og bad for distribusjonen og for komande lesarar. Gripane var det også å vere til stades då prestane frå 9 kyrkjesamfunn kom for å gjere det same.
Iraqwbibelen når ut og Ordet arbeider
Biskopen i den lutherske kyrkja bad om å få 2500 biblar, og sende sjåføren sin for henta biblane. ILCT stilte også med bil og folk til å bera dei 157 boksane ut av konteinaren, inn i bilane og inn på bispedømekontoret sitt lager.
Dei har bruk for biblane i samband med oppatt trykkinga av iraqw katekismen, som dei skal bruka i undervisinga for konfirmantane.
Kjellfrid Eggebø og John Yasenti har hatt iraqw og katekisme seminar for alle evangelistane og ein av dei eldste, i alle kyrkjelydane til den lutherske kyrkja, 31 stader. Dei selde 543 biblar til deltakarane.
På alle desse stadane ynskjer dei no seminar, så folk kan lære lese iraqwbibelen. Hungeren etter Ordet, på eit språk dei forstår, er stor. Men kan vi makte dette økonomisk?Ein av lærarane våre, hadde møter i påskehelga og selde 10 biblar. Førre veke hadde han eit seminar for 32, som ynskte lære lese iraqwbibelen. Då henta han 32 biblar.
I dei områda vi til no ikkje har vore i, ynskjer dei seminar og kurs for analfabetane for dei som ynskjer lese Iraqwbibelen. Ropa er sterke, og utfordringane mange!
Zakayo var med i omsetjings teamet, og arbeidde saman med Frøydis Nordbustad , då GT vart omsett. Han er ein ivrig bibellesar, og har lese iraqwbibelen frå perm til perm 5 gonger. No har byrja på den 6 gongen.
Zakayo fekk opna den første boksen med dei nye biblane. Han gledde seg. Medan han endå stod der med bibelen i hendene såg han på oss og sa: «Kor lenge vil de drya før de går og inntek det landet Herren ... har gjeve dykk?»
Han sende denne helsinga frå Josva 18, 3, til deg og meg, og alle andre som er involvert i ILCT, og minna oss om at mange områder framleis venta. Vi høyrer ropet, og Zakayo skaut blink med helsing si.
Difor har Frøydis Nordbustad halde 7 seminar for dei nye lærarane i Qaloda, Tumati og Haria/abi, og i tillegg undervist, swahili grammatikk, på dei 5 kompetanse hevingsdagane for lærarane i år.
Det bekymrar oss at 24 lærarar fortida ikkje har jobb, fordi vi ikkje har økonomi til å lønna dei. Men ILCT når ikkje lenger ut enn siste krone rekk. Det er uforståeleg for dei som ventar. Men dei som i fleire år har venta på at barnehagen skulle opna, og spurt om att og om att når kan dei opne
barnehagen? Både foreldra og borna gler seg fordi vi den 3. april opna barnehagen. Det var spanande.
Kom det born?
Bertha, Selina S, Monica og Selina J. var spente og forventningsfulle. Men da Frøydis Nordbustad og eg stakk innom barnehagen, kl. 08.00 var det fullt hus og stormane jubel. Foreldra er takksame for at vi opna barnehagen. Det er ein stad dei kan vere trygge for borna, og i tillegg er den vel utstyrt. Takk til i barnehagen i Knarvik som gav oss inventaret. Vi fekk mange gode golvtepper, som vi sende ut med konteinarane. No kom dei vel med, for sementgolvet er iskaldt og ungane frys. Det var stor stas da golvteppa blei lagt ut, og alle labbane de strikka til barnehageborna kom fram. Alle borna fekk kvar sitt par. Takk til alle dykk som strikka labbar til barnehagen.
Alt dette har vorte mogeleg fordi de har jobba saman med oss.
«Korleis går det til at vi alle høyrer at dei talar på vårt eige morsmål» Apg. 2, 8