Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Takkesong!

Utgave 6, 2022.


Ein dag eg leita i bileta mine på telefonen, kom eg over ein video av eit kor kledd i grønt. Songarane var så fine. Dei song på iraqw og melodien hadde ekte iraqw-preg. Ein solist gjekk fram og song ei strofe, så overtok ein annan. Etter litt gjekk ei fram til tavla og skreiv eit ord, deretter kom ei anna og skreiv eit nytt.

Dette var nok avslutning etter 9 månaders lese- og skriveopplæring. Nå hadde dei truleg dikta song som takk for kurset og ville visa kva dei hadde lært. Dei var både glade og litt stolte. Tenk, nå kan dei lesa, noko dei ikkje har kunna før, men hatt behov for lenge. Jammen kan dei feira! Nå kan dei skriva namna sine og ikkje berre bruka tommelen. Eg har tenkt at det var unødvendig å kjøpa tøy og få sydd nye like kjolar, evt. skjorter til menn. Men dette er stort, større enn me kan skjøna. Det imponerer korleis dei diktar takkesongar. Lærarane, Frøydis, Nora og me som støttar ILCT får takk som rører hjarta.

Eg har eit bilete av ein prest. Han ser fin og grei ut. Men han kan ikkje lesa. Nå hadde han sett kor bra elevane kunne lesa etter 9 månader på kurs, så nå ville han begynna. Til nå hadde han vore avhengig av at nokon andre las for han.

Eg veit at mange kan lesa juleevangeliet på sitt morsmål for fyrste gong denne jula i Mbulu. Mange har avslutta 9 månaders lese- og skrivekurs, andre har fått bibel etter 3 dagars iraqw-kurs for lesekunnige. Måtte dei også skjøna kvifor Jesus kom!

Jesaja 9,6: «For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans skulder, og han skal kallast med namnet Under, Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste.»

Må Gud signa jula og det nye året for oss alle!

La oss fortsetta med bønn og givarteneste! Dei treng oss.


Skrive av: Kjellfrid Eggebø