Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Me helsar dykk kjære i Herren Jesu namn.

Utgave 6, 2022.


Med oss her i Mbulu går det bra, og med arbeidet likeins. Elevane i leseklassane (basic) viser fin framgang. Dei gler seg over å kunna lesa og skriva både iraqw og swahili. Den 9. desember reiste me for å dela ut vitnemål til 18 elevar i DNPC, Kanaani, Tumati. Det vart ei flott markering, og same dag skreiv 16 nye elevar seg inn til neste kurs. Me fekk også oppleva noko nytt i vår samanheng: Ein av dei nye elevane var ei funksjonshemma jente på 18 år, boren dit av to stykke.

Den 12. desember reiste me til den lutherske kyrkja i Secheda. Det lukkast å starta ein ny klasse med over 20 elevar der, og endå er det fleire som skriv seg inn. Presten sa at det var svært mange i området som ikkje kunne lesa og skriva.

Når det gjeld tredagars-kursa har Gud hjelpt oss mykje i 2022 også, - me har hatt 11 kurs i løpet av året. Me takkar Gud for at me nå har komme inn i Haydom-området, og me reknar Klassen i Secheda med å starta klassar der i 2023.

Me i ILCT Mbulu takkar spesielt Frøydis og Nora og alle som støttar arbeidet i Norge for at de kjøpte så fin ein bil til oss, ein Hilux, som nå er teken i bruk. Det er så godt å sleppa problemet med å mangla køyretøy. Me seier hjarteleg takk, og må Gud velsigna dykk! Me er takksame for all hjelp og støtte, og for forbønn. Her i Tanzania har levekostnadene auka voldsomt, - prisane er nesten dobla. For eksempel vart 20 liter mais seld for 8000 sh. før, medan prisen nå er 20 000 sh. Regnet har ennå ikkje komme og me har begynt å merka hunger. Så vonar eg de vil vera med oss i bøn for familien Goroi som har mista mora/kona Sara. Me gler oss over at Agnes har fått ein gut og at dei har det bra.

Hjarteleg takk! God jul og godt nytt år!

2. Tim. 4,22: «Herren vere med di ånd! Nåden vere med dykk!»

(Bilde 1: Klassen i Secheda. Bilde 2: Vyeti - vitnemål og avsluttingsfest. Mithani - eksamen.)


Skrive av: Nicodemu Ammi, omsett av Kjellfrid Eggebø