Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Herren Jesus vere lova!

Utgave 6, 2022.


Først vil eg takka den allmektige Gud for hans vedvarande velsigning over alle skapningane sine. Så vil eg takka for arbeidet i ILCT Mbulu, som først og fremst er å læra folk å lesa, skriva og rekna. Dette er som ei gåve frå Gud til folket her. Me som er leiarar i Mbulu takkar dykk, Frøydis, Nora, Kjellfrid og heile styret til ILCT i Norge, saman med alle som velvillig hjelper med pengar og ressursar. På grunn av denne innsatsen seier me i Mbulu at me fylgjer etter dykk, - de er lys og salt. Mange takk! Må Gud gi hundre foll tilbake for innsatsen dykkar og for god arbeidsplan! Elevane gler seg over å få Guds ord, Bibelen. Dei seier at den er eit våpen som skremmer vekk Satan slik at han ikkje får øydeleggja undervisninga! Så dei rettar stor takk til leiarane Nora og Frøydis for denne kloke gåva.

Me gler oss stort over velsigninga med alle klassane rundt omkring, - dei som er avslutta og dei som held på. ILCT har vakse og komme langt ut etter kvart! Dei starta med klassar i Mbulu by, men har nådd ut til landsbyane, noko me takkar Gud for. Honnør til Nicodemu som har halde A-seminar, og til Agnes, som har oppsøkt forskjellige prestar for å få starta opp nye leseklassar og som besøkjer dei for å sjå utviklinga. Så må eg ikkje gløyma lærarane som underviser elevane med kjærleik, tolmod og omsorg, utan å gi opp. Difor er lærarane veldig viktige reiskap. Må Gud gå føre dei i undervisninga! Igjen, takk til leiarane Nora og Frøydis for at dei står fast og forsvarar ILCT med kjærleik, og for at dei har omsorg for oss Mbulu-folk. Må Gud rikt velsigna dykk saman med alle i Norge som rekkjer oss ei støttande hand!

Hjarteleg takk!

Matt. 7,7-8: «Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk. For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for.»


(Bilde: Aloice skriv møtereferat.

Helsing Aloice E. Amnaay, Mbulu nov.-22
Omsetjing: Kjellfrid Eggebø.


Skrive av: Aloice E. Amnaay(nov 2022) Omsetjing: Kjellfrid Eggebø