Gal.4,4-5: «Men då tida var fullkomen, sende Gud sin eigen Son, fødd av ei kvinne, fødd under lova. Han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så vi kunne få retten til å vera Guds born.» For ei grundig planlegging før Jesus kom til jord! Gud, Jesus og den Heilage Ande arbeidde målbevisst for at Jesus skulle koma på eit rett tidspunkt til jorda. Alle profetiane om Jesu fødsel skulle oppfyllast. Dei brukte englar som bodberarar. Det var englebesøk hos Sakarias, Josef og Maria. Tydelegare kunne det ikkje seiast! Hos gjetarane var det fyrst ein engel som sa til dei: «I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.» Så toppa det seg heilt då hærskaren av englar lova Gud og song: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!» Keisar Augustus måtte lysa ut manntal over heile Romarriket for at Josef og Maria skulle få koma seg til Betlehem! For det var jo i Betlehem Jesus skulle bli fødd.
Då alle himmelens «brikker» var på plass, kom Jesus for å kjøpa oss fri!
Johan var slave hos ein storbonde. Ein dag kom ein mann på besøk til garden. Denne mannen såg kor pressa og plaga Johan vart av bonden. Difor kjøpte han Johan fri. Mannen sa til han: «No er du fri! No kan du gjera det du ynskjer. Johan svara: «Då vil eg fylgja deg og tena deg.» For han visste at på panna si hadde han fortsatt slavemerket, og det fekk han ikkje viska bort. Om han møtte ein slavehandlar kunne han bli teken til slave igjen. Berre hos han som hadde kjøpt han fri, var han trygg.
Jesus har kjøpt oss fri! Tenk å få leva livet saman med Jesus, og samtidig få tena han på den plassen han har sett oss.
Haldis Totland Reigstad seier det så fint:
«Å, for ei jublande glede, natta er full av sang.
Høyr desse himmelske tonar!
Han med den krossmerkte panna ligg på Marias fang.
Å, for ei jublande glede, alt vi i Jesus har.
Himmelens portar står opne.
Barnet som ligg der i krybba, syndene for oss bar.»