Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Kongens ærend har hast.

Utgave 5, 2022.


David hadde ikkje tid til å venta på at einkvan kom til han med det han personleg trong på turen. Han sprang av stad utan tanke på eige behov, for «Kongen har gjeve meg eit oppdrag». Hjå Ahimelek fekk han det han hadde sprunge ifrå, men som han trong for å nå fram med bodskapen. (1. Sam. 21,2a og 9) Ja, kongen, Herren, har gjeve oss eit oppdrag, og det hastar. «Vi kan ikkje stå og venta til bilen kjem», sa Agnes. Difor stod dei på alt dei kunne, mest meir enn dei makta, medan dei venta på ny bil. Då bar det av stad på pickup eller motorsykkel, fullasta med bøker, biblar og vitnemål. Over stokk og stein bar det, i allslags vind og ver, for å opna nye klassar eller dela ut vitnemål og biblar på avsluttingsfestar. Men no er den nye bilen komen og er teken i bruk. Det gjer arbeidsbelastinga mykje mindre. På arbeidsplanane for oktober og november ser vi at aktiviteten har auka veldig. Det er eksamensdagar, avsluttingsfestar og opning av nye klassar kvar veke. I oktober hadde dei eksamen og avsluttingsfest på 3 stader. Det er mykje forarbeid til slike dagar, som kjem i tillegg til det vanlege arbeidet. For november er det planlagt fire dagar med eksamen, fire avsluttingsfestar og eit A-seminar. Det er lange avstandar og krevjande reiser for Agnes & co. Men, «Herren har gjort storverk.» (Joel 2, 21 b). Må Gud gje dei helse og krefter, og la oss stå med dei på alle vis. No har dei bil og alt dei treng, så no er det oss det står eller fell på. Vi har òg fått eit oppdrag. Dette oppdraget er å gjera det økonomisk mogeleg for dei å fullføra sitt oppdrag. Må Gud gje oss same driv og pågangsmot som dei har.

Goroi, styreleiar i ILCT, hadde kalla inn til eit møte 20. oktober for å laga ein avtale for felles bruk av bil og sjåfør og fordeling av driftsutgiftene. Agnes, Nicodemu, biskopen og formannen i den lutherske kyrkja i Mbulu kom med bil. Frøydis Nordbustad og underteikna møtte digitalt.

Det vart laga ein bruksavtale med 11 punkt, som omfattar vedlikehald, forsikring, lønn, drivstoff m.m. ILCT har bruksrett til bilen fire dagar per veke og kyrkja tre dagar. Slik har vi fått redusert utgiftene til drift av bil, til beste for begge partar.

«Kongens ærend har hast.»

Takk at eg også fekk ditt kall og skal få vera med.


Skrive av: Nora Klungseth