Eg helsar dykk i Jesu namn. Me har det bra, - arbeidarane, lærarane og barnehageborna, og me takkar Gud for at arbeidet går framover. Basic-leseklassane og A-seminara som starta på nye stader i Haydom sokn, har gått bra. I samråd med biskopen har me bestemt å starta opp i Maretadu kyrkjelyd, og planlegginga til arbeidet har byrja. Maretadu er den folkerikaste av hovudkyrkjelydane i Haydom sokn. I oktober kom me i gang med slutteksamen for klassar som har gått i ni månader. Det gjeld Qaaqa, Naár, Utwari, Endesh og to andre stader som skal ha avslutning i november, DNPC Gajal og DNPC Kanaani. Ved å vitja desse klassane har eg sett og lært mykje. Når det er eksamen, kjem ein tett på elevane. Ein høyrer korleis dei les og ser korleis dei skriv og reknar. Resultata samsvarar med oppmøtet: Dei som har møtt dagleg har lært mykje og er komne til tredje leseboka, medan dei som har møtt sjeldnare har stansa i nummer to. Eg ser dessutan kor glade dei er for å få læra og kor fornøgde dei blir for alle framsteg dei gjer. Ei anna stor glede er at nokre har blitt kristne. Dette fekk eg oppleva i Qaaqa landsby. Det var avslutning i den lutherske kyrkja med utdeling av vitnemål. Presten, evangelisten, eldste og medlemmer var til stades. Då stod ein av elevane fram for heile forsamlinga og sa at han hadde bestemt seg for å fylgja Jesus.
Utdeling av vitnemål 6.okt.-22 i Qaaqa
Han hadde katekisme i handa og las høgt det første bodet. Dette vart eit sterkt vitnemål frå ein som bestemte seg for å slutta med det gamle livet han hadde levd utan å kjenna Gud. I sanning gjer Herren sitt verk utan at me ser det. Eg gledde meg stort over å få oppleva dette, og eg oppmuntra han ved å seia at han hadde valt den gode del. Må Gud gi han styrke, velsigna og bevara han! Det vart ein flott festdag for alle, og fleire nye kom og bad om undervisning. Difor startar me opp ein ny klasse, for det er enormt mange som ikkje kan lesa der. Ein av dei som skal få byrja i den nye klassen er prest i ei pinsekyrkje. Han fortalde heile flokken at han aldri hadde gått på skule. Heime har han to ungdommar som heller ikkje kan lesa, så dei skal også starta. Denne presten er altså kyrkjeleiar, men det er ein annan som les tekstane. Han gledde seg over å sjå alle som hadde lært å lesa. Ja, det vart verkeleg ein spesiell festdag. Alle sende helsingar til dykk, med takk for godt arbeid til hjelp for iraqwfolket.
Hjarteleg takk!
Må Gud gi dykk si velsigning!
Elevane i Qaaqa sender si helsing frå Fil.1,6: «Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.»