Hos Gud er mi frelse og mi ære. Mitt mektige berg, mi tilflukt er hos Gud.
Lit alltid på han, de folk, aus ut dykkar hjarta for han! Gud er vår tilflukt!»
Salme 62. 8 - 9.
David hadde fått erfart Gud gjennom så mange ulike situasjonar. Som ung gjetargut sigra han over Goliat med slynga si. Han våga det i tillit til Guds hjelp! Han opplevde forfølging av Kong Saul og hans menn. David gøymde seg i bergholer i øydemarka. I Salme 31 les me om David som auser ut sitt hjarta for Herren! Ja, han ropar i si naud. V. 23 : « - men endå høyrde du røysta av mine inderlege bøner, då eg ropa til deg!» Lovsongen kom igjen inn i livet hans. Men også David opplevde djupe nederlag, synd og skuld! Han hadde sendt Urias i krigen og sjølv gått inn til Batseba, og profeten Natan kom til han. Då finn me ein knust David, han kjende Guds hand som låg tungt på seg. I Salme 51 finn me atter ein David som auser ut sitt hjarta for Herren! Og David fekk oppleva at Gud var der. Han støytte ikkje David bort, men viste han nåde og frelse. For eit tolmod hos Gud! Om ikkje me opplever dei same tinga som David gjorde, kjenner me på ulike situasjonar i våre liv og kvardagar.
Haldis Totland Reigstad har eit fint dikt om nett dette:
Kom, Jesus, kom og ver oss nær når vi i mørket famlar.
Kvar tåre, står det i ditt ord, du i di flaske samlar.
Kom med di trøyst, vis du oss veg. Vi lyfter augo opp til deg.
Kom, Jesus, når vi ikkje ser dei naglemerkte hender.
Når denne verd si falske sol vårt indre auga blender.
Kom med di trøyst, vis du oss veg. Vi lyfter augo opp til deg.
Kom, Jesus, når vi slit med angst i nattetimar seine.
Du veit kor vanskeleg det er å kjenna seg åleine.
Kom med di trøyst, vis du oss veg. Vi lyfter augo opp til deg.
Kom, Jesus, kom og ber oss du på dine ørnevenger.
Vis oss at ingen fiende for himmelkrafta stenger.
Kom med di trøyst, vis du oss veg. Vi lyfter augo opp til deg.
Kom, Jesus, når det mørknar til, når sorg og sjukdom herjar.
La oss få sjå at gjennom alt di Faderhand oss verjar.
Kom med di trøyst, vis du oss veg. Vi lyfter augo opp til deg.