Nå har eg nett lest om Israelsfolket som stridde mot Amalekittane, der Moses skulle stå med Guds stav høgt oppe.
Når han heldt hendene oppe, sigra dei, men når hendene vart trøytte, gjekk det ikkje så bra.
Men så hadde Moses gode medarbeidarar, Aron og Hur. Dei fekk ideen om at det ville hjelpa dersom Moses sette seg på ein stein og dei heldt hendene hans oppe. Slik vart det siger. Når Frøydis, Nora og me andre står i oppgåvene i Mbulu, treng me slike berarar og støtter.
Eg tenkjer oftast at Aron og Hur er førebilete på bønnetenesta. Det treng me veldig. Og så treng me mange slags hjelpetenester. Takk til deg som er som Aron og Hur i dette arbeidet! Me treng mange fleire «Aronar» og «Hurar».
Eg kom heim 15 april etter tri månader ute. Mykje av tida gjekk til leseopplæring og katekisme kurs.
Evangelisten John Yasenti og eg var på ti stader og hadde to dagars seminar. Ein dag vart via leseopplæring, den andre dagen katekisma. Mi hovudoppgåve var å læra folk tonar til songar på stammespråket. I Hanang Prosti har dei hatt lite iraqw opplæring . Hanang vart inkludert i Mbulu bispedømme i 1994. Det året slutta eg som lærar på Wa/ama bibelskule, så der var berre ein tilflyttar eg kjende, men ein prest har eg undervist saman med og ein har eg undervist i engelsk på Wa/ama.
Det var over 3 timar å køyra dei fleste turane, og me var heilt ukjente. Det var interessant, og me vart vel tekne imot.Så nå er denne samarbeidsavtalen med den Lutherske kyrkja ferdig. Me har halde kurs 29 stader dei to siste åra, to stader tidlegare. Og me har til nå hatt ca. 720 deltakarar, der bortimot halvdelen er evangelistar eller tilsette i kyrkja, resten har andre oppgåver i kyrkje samanheng. Me har delt ut rundt 2000 katekismar og over 500 biblar har fått ny eigar.
Det var ingen uhell på alle reisene, me fekk vera friske så me har mykje å takka for. Me fekk sjå at arbeidet strekkjer seg over store område. Når avstandane er store og løna lita, er det imponerande korleis prestar og evangelistar står på.
I januar vart det starta 6 nye leseklassar, nå i Dongobesh prosti. Lærarane i desse klassane skal delast i 2 team. Da kan me starta 6 nye klassar i tillegg. Me fekk 12 nye hjelpelærarar. Og dei treng mykje opplæring.
Det har Frøydis vore primus motor for. Dei 6 hovudlærarane har også vore med på kurs, og det var ein god ide. Mange fredagar har det vore kurs for desse 18. Siste fredag kvar månad kjem alle lærarane, då er dei over 40.
Frøydis underviste først og fremst i metodikk, korleis lesebøkene skal brukast. Dermed får dei med seg det viktigaste i leseopplæring. Frøydis blir nokre år yngre når ho står framfor elevar, og ho som har skrive bøkene, veit best korleis dei skal brukast. Kristina les Iraqw med dei, eg lærer dei songar og viser bruk av hjelpemidla. Eg reknar med utreise i juni. Takk for innsatsen og god sommar!