Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

De kjære, eg helsar dykk i Jesu namn.

Utgave 4, 2022.


Det er vårt håp at de alle har det bra. Gud hjelper oss i alt det me gjer. Det har gått bra å fylgja planen me sette opp for 2022. Seminar blir haldne. Men både påmelding og oppstart av nye leseklassar har gått noko tregt somme stader. Det tek tid å oppmuntra leiarane, og det trengst pågangsmot. Personleg har eg bestemt meg for å besøkja alle stadene der dei allereie har hatt seminar. Det eg er svært glad for nå er at dei har hatt A-seminar i Ufana og i Sechek, for det har me venta på lenge. Kyrkjelyden i Ufana vart delt, og den nye delen, Sechek, ligg vest for Ufana sentrum. Eg har snakka med presten Marseli, og me reknar med å starta leseklasse der i september, slik eg foreslo. Men mi bekymring er den lange reisa frå Mbulu for den som blir sendt dit for å undervisa. Likevel er det håp om at det finst ein veg, for Gud sjølv har lova oss at Han skal
leggja til rette, der det frå vår synsstad ser vanskeleg ut. La oss stola på det!

Tre stader, - Gaaqa, TAG Nar, DNPC Gajel og KKKT Utwari, - skal snart ha avslutning, så det blir mange reiser for å ha avsluttande eksamen, utdeling av vitnemål og oppstart av nye klassar.

Ein elev på 11 år gjekk først på Basic-kurs i KKKT Utwari, og sidan for andre gong for å læra å lesa, skriva og rekna. Då bestemte foreldra seg for å leita etter skuleplass på barnetrinnet, og dei fekk sonen inn i 2. klasse. Klasselæraren hans takkar ILCT svært for innsatsen deira med å hjelpa denne eleven til å læra det som kravdest. Eg var så heldig å få snakka med foreldra hans. Dei er inderleg glade for det som har skjedd med sonen og sender stor takk til ILCT for at han nå kan lesa, skriva og rekna. Før han starta på opplegget vårt, hadde dei lite håp om å få guten inn på nokon skule. Men Guds plan var annleis! Dette seier foreldra hans, og ein gler seg over å høyra det.

Med takksam helsing


Skrive av: Agnes Philipo