Herren Jesus være høglova!
Eg sender dykk dei beste helsingar frå alle tilsette her i ILCT Mbulu. Me har det svært bra, og undervisningsarbeidet for iraqwfolk held fram på ein god måte. Det gjeld både Basic-kurs (for dei som ikkje kan lesa og skriva frå før) og A-seminar (Traditional). Det takkar me Gud for.Dette året, 2022, har arbeidet begynt i Haydom-området.
Til nå har me hatt A-seminar i fem kyrkjer i Haydom sokn, som vist nedanfor:
1. KKKT Mara - 60 deltakarar
2. KKKT Mamagi - 60 deltakarar
3. FPCT Mara - 55 deltakarar
4. DNPC Ma/ára - 20 deltakarar
5. FPCT Qambagujo - 30 deltakarar
I alt 225 deltakarar.
Så nå forventar me å starta Basic leseklassar der me har hatt desse A-seminara. Eg har lyst til å fortelja om gleda eg opplevde då eg underviste på A-seminara. Mange i Haydom- området gledde seg veldig over å læra iraqw-bokstavane, for i starten skjøna dei ikkje kva bokstavane /a, ts, q, sl, tl, hh, x, og ´ (halv bokstav) stod for. Dei kunne heller ikkje tydinga av lang og kort vokal eller tonemerke.
Eksempel:
1. aa, ee, ii, oo, uu (baaba, aama, oowi)
2. a, e, i, o, u ( baha, ama, ohme)
3. ni hardáh - nitakuja (eg skal komma)
4. ni hardah - atakuja (han/ho skal komma)
5. konkomo - jogoo (hane)
6. konkomó - mdudu (eit insekt)
Etter fullført seminar kan dei lesa alt på iraqw, og dei frydar seg over at Mamma Frøydis fekk ein slik fantastisk visjon om å starta denne svært gode undervisninga! Nå les dei Bibelen på sitt eige språk. Eg fekk også takk for god undervisning. Dei har bedt til Gud for oss, og at Han må velsigna Frøydis og Nora for alt dette gode arbeidet. Dei var svært glade for biblane og takkar mykje for gåva. Atter stor takk frå alle oss i ILCT Mbulu, for forbøn og for det de gir av midlane dykkar. Me seier: Gud velsigne dykk rikt og gi dykk mykje nåde!
2 Kor. 13,12-13. «Hels kvarandre med eit heilagt kyss! Alle dei heilage helsar dykk. Herren Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik og Den heilage andens samfunn være med dykk alle!»