Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Ubrukeleg veg og skjult vandring

Utgave 4, 2022.


Når Gud gjer noko stort og viktig for sitt folk, lagar han vegar som er farbare for sine, men ubrukelege for fienden. Stundom held han sine skjult under vandringa, så fienden ikkje kan angripa dei og hindra framdrifta. Han ser problema, høyrer ropa, held sine lovnader og lagar nye farbare vegar. Neh. 9,7-17.

Gud såg til sitt folk i Gosen, såg korleis dei var trælka og hadde det vondt, høyrde sukka og alle ordlause bøner, og hans svar var undervegs. Han fridde dei ut med mange under og si veldige kraft. Veg laga han der det var uframkomeleg, kløyvde havet så dei slapp unna fienden sine angrep. Farao sine menn tenkte: No har vi dei! Men himmelen greip inn og laga ein veg for sitt folk, som fienden ikkje kunne bruka. Fienden skulle ikkje vera orientert, men sine eigne leidde han i ei skysøyle om dagen. Når det var så mørkt at dei ikkje kunne sjå neste steg, let han ei eldstøtte lysa opp vegen dei skulle gå. Han tala til dei frå himmelen, gav dei rette og pålitelege ordningar, gode lover og føresegner. Han gav dei mat når dei var svoltne, drikke når dei var tørste og kvile når dei var slitne. Under vandringa var dei ofte stridlynte og vanskelege å leia, «men du var like mild og gjekk ikkje frå dei.» Deira himmelske far visste at dei var hjelpelaust fortapte i øydemarka utan hans leiing og vern. Difor veik ikkje skystøtta frå dei om dagen og heller ikkje eldstøtta om natta. Han fylte alle behova dei hadde undervegs. Har Gud forandra seg? Er han annleis i dag? Nei, han er og blir den same, og framleis leier han sine på same måten, med omsorg og kjærleik, gjev visdom og råd, viser veg og lærer dei rette måten å gjera det på. Reknar vi med Guds leiing, vern og hjelp, eller kalkulerer vi berre med våre eigne mogelegheiter? Må
Herren gje oss nåde til å ta dei himmelske ressursane med i berekninga når vi vurderer og budsjetterer vegen
vidare.

Ta dei himmelske ressursane i bruk, ver velsigna og til velsigning!


Skrive av: Nora Klungseth