Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Helsing

Utgave 3, 2022.


Mine søsken, eg vil nytta dette høvet til fylgjande: For det første, å takka den allmektige Gud for at han skapte mennesket i sitt bilde, og gav oss vit og visdom. For det andre, at me må fortsetja med å be Gud gi oss endå meir velsigning, slik at alle planane til ILCT kan lukkast. For utan Han kan me ikkje noko gjera. Det tredje eg vil nemna, fylgjer det første: Me takkar den allmektige Gud for den gåva det var at han sende lærar Frøydis til Mbulu! På grunn av henne har me, iraqwfolket, fått noko å rosa oss av. Hennar livsgjerning for folket vårt har gitt oss ære, i den forstand at me både har fått sjølvrespekt og
respekt frå andre. Frøydis var i stand til å leva i lag med iraqwfolk, og endåtil våga ho å overnatta i tembe-hytter. I møte med mange slag utfordringar gav ho ikkje opp. Gud har sendt henne som misjonær til oss. Det er til stor glede for oss, og ho har sett avtrykk som ikkje viskast ut. Det første ho gav oss var omsetjinga av Bibelen til iraqw. Folk som ikkje kunne lesa, skriva og rekna har lært å lesa og skriva morsmålet iraqw og i tillegg swahili, og dei har fått kunnskapar i rekning. Difor er Frøydis lampe og lys for oss. Dei som er elevar og dei som har vore elevar sender henne stor takk og seier at utan henne hadde dei ikkje fått utdanning. Må Gud gi henne styrke!

Me takkar leiarane våre, Nora, Frøydis, styreformann Goroi, Nicodemu og Agnes som har laga gode planar for ILCT, og styret i Norge som støttar oss med pengar. Må Gud gå føre dei og velsigna dei saman med familiane deira. ILCT har nå opna fleire nye klassar i forskjellige landsbyar i Mbulu og i Babatiområdet, og dette er eit stort steg framover.

Må Gud leia dykk alle i planarbeidet vidare! Mi helsing er salme 23,1-3:
«Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko.
Han lèt meg liggja i grøne enger,
han fører meg til vatn dereg finn kvile.
Han gjev meg nytt liv.
Han leier meg på rettferds stigar for sitt namn skuld».


Skrive av: Aloice Amnaay, omsett av Kjellfrid Eggebø