Me ansatte i ILCT Mbulu har det bra, og arbeidet med lese- og skriveopplæring går godt. Dessutan fortset me med tredagars iraqw-seminar for dei som kan lesa. Eg takkar Gud for hans vern då eg heldt seminar den 6.-8. april i FPCT-kyrkja i Labay i Qaloda- området. Eg fekk undervist 38 deltakarar, deriblant 2 prestar. Det var eit spesielt seminar der deltakarane uttrykte stor takksemd på avslutninga. Dei sende helsing til Nora og Frøydis og bad Gud verna dei og gi dei styrke i dette svært viktige arbeidet. Me i ILCT Mbulu sender stor takk til alle som støttar arbeidet frå Norge. Me har sett hjartelaget dykkar, særleg ved å kjøpa ny bil til oss. Me lovar å stå på, og me vil ikkje skuffa dykk.
Be til Gud for oss om at tenesta vil lukkast. Iraqwfolket sender takk til Frøydis for at ho starta dette prosjektet med å undervisa dei i å lesa morsmålet sitt! Nå er det mange flinke lesarar av Guds Ord på iraqw.
Foreldre her i Mbulu er svært takksame for barnehagen. Den er godt likt og kjent for god undervisning. Samtidig som me takkar mykje for all støtte, ber me dykk vurdera meir hjelp. Det er ønskeleg med auka budsjett sidan prisnivået har gått opp. Prisen på det meste har fordobla seg. Me skal vera trufaste i å bruka det me får i tenesta, og me er takksame om denne bøna blir høyrt. Til slutt seier me velkommen til Tanzania ein annan gong!
Takk til Frøydis, Nora, Solveig og alle dykk andre som støttar arbeidet vårt!
Salme 125, 1-2