Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

De kjære, eg helsar dykk i Jesu Kristi namn.

Utgave 3, 2022.


Her kjem eit kort referat frå KLM-klassen i Hare/abi. Dei hadde avslutning 25. april i år, og lærarane har fortalt fylgjande: Då klassen starta hadde dei 15 elevar, 2 menn og 13 kvinner. Då dei slutta var det 13 elevar, 2 menn og 11 kvinner. Det er veldig bra at ikkje fleire slutta, så det er grunn til å takka Gud og lærarane. Dei har vist kjærleik, omsorg og tolmod når elevane har blitt mismodige og ikkje møtt opp. Lærarane der går heim til elevane for å oppmuntra dei, og det gir trøyst til vaksne elevar. Denne klassen har ikkje hatt store problem, anna enn at elevar som er mødrer må «gøyma» seg, - dvs. unngå å bli sett når dei går til skulen. Mange fedrar likar ikkje at konene går på skule i staden for å passa borna og ta seg av gjeremål heime. Ved å vitja basic-klassane ofte får eg, Agnes, med meg mykje frå elevane, og særleg frå lærarane. Elevane fortel om all den gode hjelpa dei får i lese- og skriveopplæringa. Dei set stor pris på å bli oppmuntra og bli fortalt at dette klarer dei.

Ved avslutninga i Gitng’ata, var det 23 som fullførte. Då det var slutteksamen fann eg ut at dei ikkje las tilfredsstillande enno, for dei las svært seint. Etterpå fekk eg snakka med ein elev. Han fortalde at då han skulle starta på barneskulen vart den råka av lyn. På den tida trudde folk på metemani (frykta trolldom), og difor nekta foreldra han å gå på skulen. Han seier han mista utdanning fordi foreldra ikkje kjente Gud. Dette var eit stort problem for mange før. Andre slutta på grunn av sjukdom.

Då denne eleven høyrde at det vart skule for vaksne, var han den første til å melda seg på i Gitng’ata. Han ville så gjerne læra. Då eg testa lesinga hans, sat eg med han ei stund for å høyra historia hans. Nå meistrar han både lesinga, skriving og rekning, og eg såg at han las i Bibelen. Det gjekk ganske seint, men han fekk det til. Han fortalde at han frå den første dagen hadde bedt Gud hjelpa seg, Emanuel Joseph, til å læra å lesa og skriva. Og det har Gud gjort, slik eg såg det, sjølv om han las seint. Han set Gud fyrst i alle ting han gjer, og eg har lært mykje av han og av andre som vil læra, slik som denne faren. På biletet er han nummer to frå høgre. Han har eit blått kast med små striper. Mange takk for dette som eg har fått dela. Når eg får meir, skal eg fortelja dykk om det.

Helsing med Jesaja 43,13: «heilt frå dag vart til, eg er Han. Ingen kan riva ut av mi hand; det eg gjer, kan ingen gjera ugjort.»


Skrive av: Agnes Philipo, Omsett av Kjellfrid Eggebø