I Johannesevangeliet kapittel 20 skildrar læresveinen Johannes korleis dei hadde det etter at Jesus døydde på krossen og vart gravlagd. Læresveinane var redde, ja, fortvila og urolege. Dei klarte ikkje ta inn over seg og tru det Jesus hadde sagt om oppstoda! Peter bar på sorg etter nederlaget sitt og Tomas kjempa med tvilen sin. For eit kaos det var i hjarta deira. Så skjer det store ting! Grava er tom, ryktet går: Jesus lever! Etter kvart synte Jesus seg for læresveinane sine og dei som stod han nær! Eg tenkjer på den gråtande Maria Magdalena og på Emmaus-vandrarane; «Brann ikkje hjartet i oss då han tala til oss på vegen og opna skriftene for oss?»
(Luk. 24,32)
Då kvelden kom denne fyrste dagen i veka, hadde læresveinane låst seg inne på salen, for dei var redde jødane. «Då kom Jesus;» (v.19) Korleis møtte Jesus dei då? Var det med anklage, med opprivande ord om korleis dei hadde oppført seg då Jesus vart teken og ført til forhøyr, vart spotta, tornekrynt og piska? Nei, Jesus hadde ei herleg helsing til dei: «Fred vere med dykk!» Ja, to gonger fekk dei denne helsinga. Jesus viste dei hendene sine og sida si. Då står det så fint om læresveinane, at dei «vart glade då dei såg Herren.» Det er som me anar freden på salen denne kvelden. Alt forandra seg då Jesus kom. Det står òg at Jesus anda på dei og gav dei Den heilage ande. Slik er Jesus også i dag! Han veit om oss i alle livets situasjonar, - dei lyse, lette dagane og dagane med tvil, mørke og uro. Midt i dette augnar me: Så var du der då òg, Jesus! Hans ord og løfter står fast. Salme 119,89: «I all æve, Herre, står ditt ord fast i himmelen.»
Eg helsar deg òg med denne songen av Haldis Totland Reigstad:
I fred kan eg sova, trass tårer som væter mitt kinn.
Guds fred den skal vara frå no og til æveleg tid.
I fred kan eg vakna, trass alt det som tyngjer mitt sinn.
Guds fred er min styrke i livet sin hardaste strid.
Eg set mi lit til Herren, han er mi faste borg.
I stormen som i stilla vil Jesus vera med.
Han fyller meg med freden sin i glede som i sorg.
Kor godt det er frå dag til dag å kvila i hans fred.