Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Mitt livs historie

Utgave 3, 2017.


Eg, Vitales Qwaray, blei født i 1964 og fekk byrja på folkeskulen 1976. Eg var ferdig med folkeskulen i 1982, men fortsette ikkje på vidaregåande sidan foreldra mine ikkje hadde råd til det.

Førefallande arbeid var det lite av og vanskeleg å få. Eg arbeidde heime med å dyrka jorda og bera vatn ein kilometer heimafrå. Seinare i 1985 fekk eg arbeid på eit gjestehus og der var eg til 1988.

Deretter reiste eg til Mangola for leita etter arbeid med å dyrka lauk, men eg klarte ikkje tena nok til livsopphald.

Så i 1990 reiste eg heimatt og arbeidde heime til 2005. Då dyrka eg jorda, og eg hadde ikkje noko anna arbeid. I 2006 fekk eg arbeid hos ILCT. Og året etter gifta eg meg. I 2015 døydde kona mi, og eg sat igjen med fire barn. Nå er det eg som tek meg av dei.

Då eg gifta meg, ga Frøydis meg ein bibel som bryllaupsgåve. Den ga meg eit kall til å bli frelst, og nå nyleg har eg blitt frelst.

Nå tener eg min Gud. Eg er framleis på ILCT, tenar for ILCT her i Mbulu, Tanzania.


Skrive av: Vitales Qwaray