Til lukke med 90-årsdagen, post festum! Du har vore ei velsigning for alle lesarane av Nytt om Iraqwbibelen og Glytt gjennom mange år, og framleis er du det gjennom dikta dine, der du så gripande dreg lesarane inn i det du ser og opplever. Slik fornyar du vårt møte med Jesus og vårt kall, og gjev nytt mot. Kjære lesar, les diktet på første sida i dette nr. av Glytt, og gå saman med Gunvor til Golgata og få eit fornya møte med Jesus.
Kjære Gunvor, takk for godt samarbeid i meir enn 20 år. Du er ei Søyle, ei bærande kraft for mange, og du har vore og er ei velsigning for ILCT. Du er ei velsigning for alle rundt deg.
Varm helsing og takk,
(Gunvor ynskjer ikkje personleg gåve, seier ho, men ei gåve til ILCT tek ho imot med takk. Vi har mykje å takka Gunvor for. Lat oss visa vår takksemd for alle gongene vi har blitt velsigna av dikta hennar. Gunvor vil få liste over innkomne gåver)