Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Helsing frå lærarane i klassen til KLPA i Man-ng’ay.

Utgave 2, 2022.


Denne klassen vart starta av lærar Agnes 19. mai 2021. På opningsdagen var det 16 elevar og 4 lærarar. Me starta undervisninga og klassen virka bra. Då me hadde halde på litt, viste det seg at elevane var på veldig ulike utviklingstrinn. Nokre klarte ikkje å halda blyanten rett. Me prøvde å halda handa når dei skulle skriva. Me skreiv i sanden, og litt om senn fekk dei det til. Klassen fekk undervisning i tre månader, men så var det nokre elevar som forsvann, og oppmøtet vart dårleg. Me lærarane tok mot til oss, og to og to besøkte me desse elevane som hadde slutta å koma. Me lukkast og elevane kom tilbake, og me fortsette å undervisa dei i lesing, skriving og rekning. Og me lærarane vart oppmuntra.

Men etter 6 månader begynte oppmøtet å bli dårleg att. Det var tida for å så mais. Me lærarane besøkte elevane igjen. Nokre av dei var hindra ei tid på grunn av såonna, men lærarane heldt fram med å oppsøkja dei og oppmuntra dei. Elevane som var hindra i å møta fram grunna sjukdom, fekk undervisning heime, og dei fekk mot til å fortsetja heilt til slutt. Me takkar Gud for denne klassen i Man-ng’ay endå om det var
vanskeleg. På den avsluttande eksamen møtte 14 av dei 16 som starta. Ein av dei to som ikkje møtte opp, hadde flytta. Den andre hadde brekt armen. Han hadde sagt at dersom det vart ein ny klasse, ville han vera med.

Etter det me har opplevd er me ikkje redde noko, for Gud har vore med oss. Hjarteleg takk! Me lærarane, Sistaeli, Nuruana, Samwema og Paskalina hadde lyst til å skriva om dette til dykk som les bladet.

Hjarteleg takk! Me helsar dykk med 1. Kor.15,58.


Skrive av: Sistaeli Zakaria, Nuruana John, Samwema Tito, Paskalina Loóhaay