For å imøtekoma det store behovet for fleire lærarar, starta vi, som de veit, ein ny TTP-klasse i 2020. I tillegg til Agnes, Nicodemus og Berta har Frøydis Nordbustad og Kjellfrid Eggebø undervist digitalt frå Norge. Alle hjelpelærarane fekk tilbod om å få gå på TTP for å bli lærarar, og 18 melde seg på. Alle greidde opptaksprøva. No er dei ferdige og har teke eksamen i alle faga. Den 11. mars var det avslutningsfest. Frøydis, Kjellfrid med fleire vart inviterte til å delta digitalt. Dei nye lærarane hadde for anledninga sydd seg festklede; jentene kjolar og gutane skjorter, i same stoff. Og som «prikken over i-en» vart Frøydis også beden om å møta i festkjole, den ho hadde på seg på 60-årsjubileet.
Stor dag for dei som no var kvalifisert til å vera klassestyrar, og stor dag for alle dei som har venta lenge på at vi skal koma til deira landsby! Alle hjelpelærarane vi hadde er no blitt lærarar. Med det har vi fått 24 lærarar som alle treng 2 hjelpelærarar for å bli eit godt team. Dei nye lærarane fortset å arbeida i Dongobesh prosti. Til dei som kan pendla må vi finna gode plassar for langtidsbase i andre prosti, der dei kan arbeida frå 9 månader eller meir. Men det trengst mykje forarbeid. Først må vi finna ny landsby og ein stad der dei kan undervisa og bu i 9 månader. Vanlegvis får vi bruka kyrkjene som klasserom. Det er evangelistane og prestane som opnar for det, og dei prøver og å finna husrom for læraren. Men læraren kan ikkje vera åleine. Dei må vera eit team. Nye hjelpelærarar veks ikkje på tre. Når vi flyttar lærarar til nye prosti, må alt byggjast opp på nytt. Nicodemus reiser rundt og viser Jesus- filmen, inviterer dei som ikkje kan lesa og skriva til leseklassen og har A-seminar for dei som kan lesa swahili. På avslutningsdagen kjem Agnes med vitnemål, og ofte opnar dei ein leseklasse der same dagen. Dei flinkaste deltakarane på seminara får tilbod om å bli hjelpelærarar. Agnes reiser rundt for å få tilrettelagt arbeidet.
Lærarteamet treng ein langtidsbase for 9-18 månader. Agnes er stadig på farten. Dette er ein tøff periode for henne som er småbarnsmamma. Ho har ein gut på 3 år som går i barnehagen og ei jente på snart 1 år å ta hand om også. Det vert mykje reising for å fylgja opp arbeidet. Mange klassar har hatt og skal ha eksamen og avslutningsfest, og nye skal startast.
Ratiba/plan for april:
* Eksamen 24/3, 29/3 og 26/4.
* Avslutningsfestar: 13/4 Sayuni, 21/4 Man-ngay og 22/4 Harie/abi.
* A-seminar 20-22/4 i Mara, Haydom prosti og 28/4 i Man-ngay KLPA, og 29/4 Teachers Day.
Gud elskar alle menneske, kor dei enn bur. No er det dei i Haydom prosti som får sine bønesvar. Det er mi bøn at både Agnes og alle medarbeidarane hennar i ILCT må kjenna at vi står med dei i forbøn og økonomisk støtte. Saman er vi sterke.
Varm helsing og takk,