De kjære! Eg helsar dykk i Jesu Kristi namn og håpar inderleg at de alle har det bra!
Slik ILCT sitt arbeid fortset på forskjellige stader, får det større og større kraft. Slik eg ser det har ILCT sitt arbeid utvikla seg og blitt meir verdsett samanlikna med tidlegare. Ved oppstart av ny klasse held dei nå gudsteneste for alle, og dei kristne møter opp. Prest, evangelist, eldste i kyrkja og til og med leiarar i staten deltek på gudstenesta. Det er grunn til å takka Gud for denne støtta frå folket og oppmøtet til klassestart. Under gudstenesta snakkar leiarane med elevane, oppmuntrar dei og seier at dei vil klara å læra. Mange gonger brukar dei orda frå Salomos Ordspråk, som handlar om at vi må halda fast på den gode kunnskapen, for den gir liv. Når elevane høyrer dette, får dei mot til å studera.
Avslutningsdagen med utdeling av vitnemål og ein stor gudsteneste, blir høgtideleg og spesiell for alle.
Eg vil fortelja frå avslutninga i Sayuni: Den pensjonerte evangelisten var der, den nye evangelisten, eldste i kyrkja, medhjelparar, leiarar i staten og kyrkjelyden. Kyrkja var heilt full. Det var 34 elevar som starta og 29 av dei fullførte, 12 menn og 17 kvinner. Utruleg mange gjennomførte studiane, fordi Gud var i dei og med dei heile tida. Ein elev fekk koma med helsing og takk på vegner av dei alle og sa: Viss det ikkje var for ILCT, kvar skulle dei gått? Kvar ville dei funne ein slik skule? Men Gud hadde ein plan med at Mama/Awaakí (Frøydis) skulle koma og hjelpa iraqwfolket som ikkje hadde fått gå på skule.
Nå var ho sjølv blitt heil, for ho vil nå bli rekna med blant folk fordi ho kan lesa. Ho har fått bibel. Ho har bedt leiarane i kyrkja om å la dei få lesa Guds Ord i alle kyrkjene, slik at dei blir stødige i lesinga. Dei kan òg vitja eldre som ikkje klarer å koma til kyrkja, og lesa Guds Ord for dei heime. Dette vil vera god lesetrening. Eller dei kan vera i grupper og dela frå Bibelen med einannan.
Å koma saman i grupper og øva på å lesa Guds Ord er faktisk ein kjempeide! Det vil bli til trøyst også for dei som ikkje kjenner Jesus som sin frelsar. La oss fortsetja å be ofte for arbeidet slik at det står sterkare. Evangelisten las frå Kolossarane 3,12-17, der han understreka versa 16 og 17. Han oppmuntra dei som hadde avslutning og ba dei lesa Guds Ord til ei kvar tid, kvar dag og kor som helst, slik at dei får styrke til å tena Han som er Frelsaren vår.