Eld i klunger, her på berget?
Busk som brenn, men brenn ‘kje opp!
Moses undrast – og tek steget –
han vil sjå, men stoggar opp.
«Kom ei nære, drag av skorne,
staden her er heilag grunn!»
Orda har ein evig tone –
som når meg i denne stund.
På eit anna berg det logar:
Jesu kors det brenn og brenn.
Ingen denne elden stoggar,
brenn for meg og deg, min ven.
Gud sin kjærleik elden kveikte,
- denne svære offerbrann -
for ein tanke hjå han leikte:
Løysa oss frå syndeband.
Jesus leid og brann i smerte,
men han sa: «Din vilje skje.»
Aldri Jesus protesterte,
han var villig, han var med.
Dette bålet brende banda
og fortærer kvar ei synd.
Den som ikkje dette vanda,
«den er fri», han sa med mynd.
Golgata, Guds klungerrunne,
brenn og brenn, men brenn ‘kje opp.
Verda ser deg gå til grunne,
død og livlaus var din kropp.
Men du lever! – og du tenner
stadig nye klungerbål.
Kvar og ein som til deg vender
får sitt kall og siktemål.
Me skal brenna, lida, kjenna
denne naud for andres naud,
at dei må til deg seg venda,
by dei inn slik du det baud.
Og min fot må vera naken
her eg står på heilag grunn.
Stikk og smerte held meg vaken
så eg høyrer Guds basun.