Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Helsing frå Mbulu II

Utgave 1, 2022.


Me takkar Gud for at han har gitt oss lærarar som viser kjærleik, tolmod og omsorg. Elevane på Basic leseopplæring treng slike lærarar. Mange elevar har høg alder når dei får læra å lesa, skriva og rekna. At det lukkast for dei å læra, er mykje på grunn av kjærleiken frå lærarane i klassane deira. Me opplever ei stor forandring for tida. Me blir mottekne med stor glede når me vil starta eit nytt tredagars A-seminar, og det er stor glede når me vil starta 9-månaders Basic leseklasse. Begeistringa aukar utover i kurset til dei blir ferdige med skulen, og då er det andre som ønskjer å få opplæring.

Nokre gonger er det leseklasse meir enn tre gonger på same staden. Me fekk eit fint eksempel den 27. januar. Eg reiste for å starta to nye klassar, ein i TAG i Naár og ein i den lutherske kyrkja i Utwari. Her er det tredje gongen me startar klasse. Først fullførte 29 elevar, dernest 27 og i den nye klassen var dei 15. Det blir den siste på denne staden. I Utwari hadde dei førebudd gudsteneste som på ein søndag. Der var to evangelistar og ein pensjonert evangelist som var i staden for presten. Det var presten i Endoji, Daniel Faraa/ay, som hadde sendt han, og namnet hans var Philipo Noonaay. Han sa at arbeidet vårt er svært godt i Guds augo. «Me er svært glad i dykk, men me har ikkje noko å betala dykk med. Men Herren skal lønna dykk i si tid. Og alt de gjer, gjer det saman med Gud!» (Kol. 3,16-17) Han fortsette å oppmuntra folk til å lesa Guds Ord på deira språk, og han ga dei 1. Kor. 10,31 og la til Ef. 1,5-7. Han fortsette å snakka med dei som deltok den dagen.

Ein annan av evangelistane, Elibariki Lukas, fortalde at han tok imot ein Basic-klasse då han var i Yoratamburda. Då han vart flytta til Utwari, var han klar til å ta imot leseklasse der. Han takka for det gode arbeidet med å hjelpa dei som ennå ikkje har fått lært å lesa. Han vitja elevane fleire gonger, oppmuntra dei og sa at dei ville klara det. Han takka for at ungdommar nå kunne lesa, og at dei las i Bibelen. Det såg eg sjølv. Og dei song i kor. Ein av dei sa at han ikkje hadde trudd på Gud tidlegare, men etter ei tid hadde han teke imot trua.

Denne same dagen starta eg opp ein ny klasse i TAG Naár, nær Naár- vatnet og mange åkrar med kvitlauk. Det var godt å få starta ny klasse begge stader på same turen. Presten der var også lærar på barneskulen. Eg hadde hatt to klassar der før med 34 elevar, delt i to grupper mellom klokka 12 og 16. Presten oppmuntra elevane med Salme 23,1-4.

Alle som nå begynte er ivrige etter å læra. La oss be for dei og gi dei det dei treng! Må Gud velsigne oss rikeleg med si hjelp! Til saman har me nå 24 lærarar, nokre er leiarar og andre hjelpelærarar. Må Gud framleis gi dei krefter til arbeidet dei står i !

Helsing med 1. Samuel 12,24.


Skrive av: Agnes Philipo, omsett av Kjellfrid Eggebø