Kjære Nora, Frøydis og alle kjære som støttar ILCT sitt arbeid frå Norge. Herrens namn være lova! Me som arbeider i ILCT Mbulu har det berre bra. Gud har hjelpt oss. Eg vil takka Nora og Frøydis for alt dei gjer for å leia arbeidet i ILCT Mbulu! Takken går òg til alle støttespelarane i Norge, for utan dei hadde me ikkje komme så langt som me har. Og me lovar å ikkje skuffa dykk.
Alle me tilsette her i Mbulu held fram med å undervisa iraqwfolket i lesing, skriving og rekning. Frå me starta denne undervisninga har svært mange lært å lesa, skriva og rekna. Kvar dag sender dei sin takk til bestemor Frøydis og Nora. Så vil eg takka ILCT i Norge for at de har hjelpt oss i den store utfordringa det var å skaffa ny bil. Nå har me betalt for bilen, og den ventast til Tanzania i februar 2022.
Me takkar også for hjelp til vedlikehald av bygningar på Ujenzi og i barnehagen. Me har lukkast med delar av arbeidet, men me er ikkje ferdige. Samstundes med vår takk ber vi støttegruppa til ILCT om å halda fram med sin innsats, slik at arbeidet kan gå vidare framover. Prisane på varer her i Tanzania har gått svært mykje opp, - ja, nesten til det doble nå i koronatida.
Me takkar Gud for hans vern, for me er i hans hender. Nehemias 2:17-20. Igjen, hjarteleg takk, og velkommen til Mbulu ein annan gong!
Nehemja 2,17-20.