Godt Nytt År! Ja, Tenk å få byrja på endå eit nytt og ubrukt år. Førre år vart velbrukt og ligg bak oss no. Vi fekk mykje å vera takksame for i 2021. Men no må vi finna vegen inn til dei nye moglegheitene som ligg framfor oss i 2022.
Til no har berre dei lærarane vi flytta frå Mamaisara til Dongobesh prosti vore klassestyrarar for 2 klassar per dag, stundom 3, saman med 2-3 hjelpelærarar. Difor har framdrifta gått seint, og mange bygder ventar på at vi skal koma til dei. For å imøtekoma det store behovet, byrja vi i fjor å førebu oss på utvidinga. Først og fremst måtte vi få tak fleire klassestyrarar, men dei kunne vi ikkje plukka ned frå eit tre, ferdig utlærte. Difor starta vi ein ny TTP-klasse med hjelpelærarane som elevar. I tillegg til Agnes, Nicodemu og Bertha har Frøydis og Kjellfrid vore lærarar. Frøydis Nordbustad og Kjellfrid Eggebø har hatt digital fjernundervisning for klassen. Det vart ein svært vellukka klasse. Dei er ferdige med tentamen i dei fleste faga. Den siste dagen med tentamen vert 4. februar.
Tentamensresultata vil syna om dei treng meir undervisning eller om vi kan avslutta med eksamen no. Når dei vert ferdige, får vi 18 nye lærarar som kan vera klassestyrarar. Desse 18 har hittil vore hjelpelærarar og må no få sine eigne hjelpelærarar. Per d.d. har vi 24 lærarar, inklusive desse 18. Så no vert det etter kvart bruk for mange nye hjelpelærarar. Kvar klassestyrar treng 2-3 hjelpelærarar til teamet sitt.
Lønnskostnaden til eit team med klassestyrar og to hjelpelærarar er 380 000 TZS/1450 NOK per månad. Bøker og utstyr har vi på lager. Dette gjev nye moglegheiter, noko som har skapt glede og forventning blant dei som ventar på oss, men som òg inneber store økonomiske utfordringar for oss. Det vil gje oss 18 nye lærarteam, som skal ha 2 klassar per dag. Dersom gangavstanden er under to timar mellom bygdene, kan 36 nye bygder få leseklassar for analfabetar i 2022. Kan vi makta det?
Det vert mange urøynde klassestyrarar, og dei vil ha stort behov for oppfylging. Difor er det godt at ny bil er undervegs, så Agnes kan koma seg ut og ha hyppige tilsynsrundar. Takk til dykk som hjelpte oss med pengar til å kjøpa ein fabrikkny bil! Mange av oss som les Glytt fekk ikkje fullføra kallet vårt i Tanzania, men GUD opna ein ny veg for oss. Ingrid Sætrenes sa ein gong til meg: «Nora, når vegen er stengd for deg, så er sidevegen vegen for deg.» Vågar vi, og vil vi? «Vil du vera med, så heng på!», sa Holberg. Saman er vi sterke, og ingenting er umogleg for Gud. Salme 69,7 kjem så ofte i tankane mine. Må ingen verta vonbrotne over meg, over oss. «Så går eg til arbeids då, med mot i barmen. Av Gud skal eg visdom få, og kraft i armen.», skreiv Mattias Orheim i ein song. Lat oss rekna med det, når vi no går inn i det Gud har lagt til rette for oss i det nye året. «Han gjev folket sitt kraft, han signar det med lukke og fred» (Salme 29,11), også i 2022.
Varm helsing frå dykkar medarbeidar