Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Lyset frå Guds ord

Utgave 1, 2022.


Julaftan fekk eg ha kort informasjon i kyrkja her om ILCT sitt arbeid. Dette er heldigvis misjonsprosjektet deira. Då hadde eg med meg eit stearinlys og ein bibel. Eit stearinlys kan lysa opp, visa veg og vera til hjelp.

Om Bibelen står det i salme 119,105: «Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys på min stig.» Skal Bibelen vera lys til å forstå kva Jesus har gjort for folk og hjelpa dei i livet, må dei kunna lesa den og skjøna det språket dei les. Iraqw-folket har nå hatt Bibelen på sitt språk i 16 år. Alle treng hjelp for å kunna lesa den. Det gjeld dei lesekyndige, analfabetane og dei som kan lesa litt.

I 2021 fekk 211 lesekunnige 3-dagarskurs for å meistra sitt eige språk. Dei fekk biblar på iraqw i gåve. Over 150 har gått 9 månader på skule og har lært lesekunsten. Ved avslutninga fekk dei biblar og katekismer. Dei fekk også lesebøkene dei brukte slik at dei kan rettleia andre. Det merkast at folk les Bibelen og forstår den, vitnar leiarar om. Somme som nå er lesekunnige i iraqw og nasjonalspråket swahili, og som kan skriva begge språka og kan litt praktisk rekning, blir gitt samfunnsoppgåver. Nå har dei 18 hjelpelærarane våre gjennomført utdanninga slik at kvar av dei kan få ansvar for ein ny klasse. Dette har mange venta på.

I størstedelen av iraqw-området har me ikkje hatt skuletilbod. Men skal desse 18, i tillegg til dei 6 som alt er leiarar for klassane, driva arbeidet, treng dei mykje støtte frå oss. Dei treng lønn, bøker og utstyr. Leiarane våre treng å køyra dit dei er for å starta opp og ha tilsyn. Lærarane kjem til senteret i Mbulu ein gong i månaden for å gi rapport, få lønn og meir opplæring. Alt kostar.

Takksemda hos folk er stor over å få læra. Eg fekk vera med Frøydis på besøk digitalt i ein klasse. Dei las for oss og strålte. Vil du vera med slik at enda mange fleire får læra å lesa og dermed også kunna få lys frå Guds Ord?

Godt og velsigna nytt år, alle saman!


Skrive av: Kjellfrid Eggebø