Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Mwenge til Mbulu.

Utgave 5, 2018.


Ein dag kom det eit brev til ILCT frå DC(District Commissioner). Det var ein invitasjon til å delta når Mwenge kom til Mbulu den 20. september. Mwenge er det årlege fakkeltoget frå staten, som besøkjer alle distrikt kvart år. I år skulle fakkeltoget stoppa i Mbulu District i to dagar, og fakkelen, fakkelbærarane og gjestene frå offentlege etatar skulle overnatta i Mbulu. Dette året var det undervisning staten sette fokus på, med mottoet:
Utdanning er nøkkelen til livet; gjer deg no klar til å bygge landet. Difor var alle skular og undervisningsinstitusjonar inviterte til å ha stand på fotballplassen, så gjestene kunne få sjå kva undervisningstilbod det var i Mbulu District. ILCT skulle ha stand saman med Memkwa, som vi samarbeider godt med. Det var hektiske førebuingsdagar før alle detaljane kom på plass, og kvar og ein fann si oppgåve på ILCT sin stand.

Gjensynsgleda
For nokre år sidan var det ei lita jente, (la oss kalla henne Lise), som var elev i ein av leseklassane våre. Ho var då ni år gamal, og den yngste eleven i klassen. Lise var veldig flink, og fryda seg over å få læra å lesa, skriva og rekna.
Når læraren stilte klassen spørsmål, var ho den første til å rekke opp handa. Ho bestod eksamen med glans i alle fem faga. På avsluttingsfesten fekk ho vitnemålet sitt og ein iraqwbibel. Kunnskapshungrig som ho var, så var ikkje dette nok for henne. Hadde ILCT ein annan skule ho
kunne gå på? Svaret var nei, for det har ikkje vi. Lise blei lei seg. Vi kontakta rektoren på skulen i nabobygda og spurde om dei kunne ta inn Lise som elev, sjølv om det var midt i semesteret. Han trudde ikkje at han kunne gje lov til det, men lova til slutt at dersom ho kunne fylgja med på
undervisninga, skulle ho få byrja. Men først måtte ho ta same prøven som klassen nettopp hadde hatt. Lise med vitnemålet i handaResultatet var så godt at rektoren plasserte henne i 3. klasse. Jublande glad sprang Lise tidleg kvar morgon, berrføtt over stokk og stein, for ikkje å koma for seint på skulen. Etter ei tid oppstod det eit problem. Lise måtte ofte vera heime og passa småsøskena sine. Til slutt blei det så mykje skoft at ho ikkje fekk lov å fortsetja på skulen. Kan hende Gud ville det slik for at eg skulle vera heime, så eg kunne læra søskena mine å lesa og skriva før dei byrja på skulen, sa Lise. Heime var ho ein flittig «lærar» og bibellesar for sine eigne, og
ho var glad for at ho kunne hjelpa dei. Då søskena var store nok til å byrja på skulen, kunne Lise byrja på skule att.

Lise på stand, Agnes med ryggen til. Stand på fotballplassen Mwenge-dagen ILCT og Memkwa, skulen for unge vaksne, hadde stand saman. Kven andre enn Lise stod på stand for Memkwa. Heile dagen stod ho der saman med Agnes og dei andre som representerte ILCT. Då ho oppdaga at Frøydis Nordbustad også var der, sprang ho bort for å få takka henne for at ILCT hadde lært henne å lesa.
Lise fortalde at ho ikkje hadde fått lov til å koma tilbake til klassen sin. Ho var blitt for gamal. Men rektoren ordna det slik at ho fekk byrja i ein Memkwa-klasse. Draumen hennar var å bli lærar, fortalde ho.

Evangelisten som ikkje kunne lesa
Ein evangelist frå Haydom prosti kunne ikkje lesa. Då han høyrde at ILCT skulle starta ein leseklasse for analfabetar i Qaloda (Dongubesh), melde han seg på som elev og fekk plass. Det var lang veg for han å gå, tur/retur 5-6 timar kvar dag måndag til fredag. Presten i Qaloda tykte synd i han, og lét han få eit rom i prestegarden. I helgene gjekk han heim for å ha gudstenester og anna arbeid han måtte gjera som evangelist.
Han stod også på standen vår og fortalde folk som kom innom der korleis han hadde lært å lesa. Han ville ikkje reisa heim att før han hadde fått snakka med oss. Etter at Mwenge var avslutta, kom han opp til Magereza for å seia takk. Takka vere ILCT og alle i Norge som står bak dette
arbeidet, kan eg no lesa, sa han. Og han bad oss senda takk frå han til dei i Norge også.
Han fortalde at han kvar veke gjekk til presten for å få hjelp til å læra tekstane til gudstenestene. Men no kunne han lesa tekstane både på swahili og iraqw, så alle kunne forstå. Kan de forstå mi glede og takksemd? Dette er stort for heile kyrkjelyden, sa han.


Skrive av: Nora Klungseth