Takk for godt og trufast samarbeid i mange år. I fjor vart alt nedstengd, men det vart ikkje Gud og heller ikkje ILCT. Under pandemien har Gud velsigna arbeidet på forunderleg måte, arbeidet har vakse og utvida seg. Nye dører og områder har opna seg. Når vi går i takt med Han som gav oss kallet, er vi sterke og kan få utretta store ting. Han er arbeidsgjevaren. Saman har vi nådd fram til områda der andre gjekk forbi, og takksemda frå folka der kjem i form av takketalar, songar og vitnemål. Du er også med å gjera dette mogeleg, difor går takken og alle gode ord til deg òg. «Elevane sende mange takk, og sa at nå hadde dei fått utdanning som skal hjelpa vennene deira som ikkje kan vera med på gudstenester. Dei kan lesa Guds ord heime for dei.», skreiv Agnes.
I ein song til oss, som har gjort dette mogeleg, syng dei: "Me takkar dykk i ILCT for å undervisa oss gratis. Må Gud Fader velsigna det gode arbeidet dykkar."
Les salme 103 vers 5 , det er vår helsing til dykk.
Til sist ynskjer me dykk velsigning frå Gud, vår far.
Må vår Herre Jesu fred styra hjarto dykkar!
Stor takk til dykk som tok eit ekstra tak, så vi fekk brønn både i barnehagen og på senteret. Om ein ser bort frå desse gåvene, så var det stor nedgang i gåver til drift i 2020. Driftsinntekter og driftskostnader
Når arbeidet veks slik som det har gjort under pandemien, aukar behovet for økonomisk støtte også. Mange ventar på at vi skal koma til deira bygd. Må Gud hjelpa oss å finna vegen i dette, så dei ikkje vert vonbrotne for vår skuld. Salme 69,7
Varm helsing og takk!