Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Framleis midt i straumen av gode ord

Utgave 6, 2021.


Omsetjingskonsulenten vår, dr. Mojola, rosa ofte iraqwteamet for at vi var så flinke å markera når vi hadde nådd historiske delmål i arbeidet. Slike feiringar var nokså beskjedne, men dei var med og sette mot i oss og gav ny giv til neste steg og neste delmål. For vegen var lang og tung. Feiringa og festen som har prega dei siste tre åra, har vore noko annleis. Den nådde mykje lenger ut, så givarane heime i Noreg og heile folket der ute tok del i feiringa. For no var det endelege målet nådd, - trudde vi, kvar gong. I juli 2004 vart iraqwbibelen vigsla med stor fest og jubel. I det høvet fekk statsministeren eit eksemplar av iraqwbibelen, og han fekk også med seg eit eksemplar til presidenten i Tanzania.

I desember 2004 vart språkarbeidet, iraqwbibelen og leseopplærings- arbeidet presentert på ei stor messe i kulturlandsbyen på det nasjonale museet i Dar es Salaam. Til stor ære for oss og for iraqwfolket. Ein slik presentasjon av arbeidet for det offisielle Tanzania har vi aldri fått før. Den offisielle presentasjonen av arbeidet i Noreg kom 20. august med St. Olavs-medaljen og 19. desember same år, då eg fekk høve til å vitja Hans Majestet Kong Harald på slottet og takka han for medaljen. Kongen fekk også eit eksemplar av iraqwbibelen.

Ved alle desse milepelane og merkedagane har det strøymt inn helsingar og lukkeynske, telefonar,
brev, kort, blomar og gåver. Ein straum av varme og omtanke som har skapt både undring og takk
inni meg. Eg har blitt ståande der midt i denne straumen av gode ord og takketalar, står der på vegne
av alle dykk som var med og gjorde dette utrulege mogleg, å gje Guds Ord til iraqwfolket skriftleg.
Difor sender eg ein stor takk til kvar einskild av dykk, og aller mest til Gud, Herren som gjev nåde og ære. (Slm. 84,12)

Etter all denne jubelen må vi koma oss til arbeids att. Ja, - for dette òg var ein milepel, men ikkje den siste!

Leseopplæringa som ventar på oss, er eit kjempeløft. Skal iraqwfolket få lesa bibelen sin? Ordet om Filip og hoffmannen i Ap.gj.kap.8 kom så levande for meg på nytt no med tanke på iraqwbibelen. Hoffmannen sit i vogna og les, men skjønar ikkje. «Korleis kan eg vel det når ingen rettleier meg?» seier han til Filip. Slik sit mange i iraqwfolket òg. «Kom opp i vogna og set deg attmed meg,» seier dei. «Vi må få lesekurs, vi òg,» tiggar dei. Ein analfabet som strevar, sa det slik: «Dersom du greier læra meg å lesa, skal eg aldri gløyma deg!» Ho strålte av forventning - . Dette er blitt som eit fornya kall. Eg for min del har lyst til å stiga opp i den vogna og setja meg der! - Og du?

I 2006 sa eg at leseopplæringa venta på oss, og sidan då har tusenvis lært å lesa og skriva, i landsby
etter landsby. Det har vore og er eit kjempeløft, som vi saman har teke og tek. Lesekunsten og iraqwbibelen går fram med stormskritt, og digitalt deltek vi i klassane, på møter og på avsluttingsfestar. Og vi står framleis i ein straum av gode ord og takkesongar. Takk for at vi står saman i dette kjempeløftet. Mange ventar framleis på at vi skal koma til deira landsby. Takk for godt samarbeid i året som no snart ebbar ut. Må Gud gje oss nåde til å fullføra verket.


Skrive av: Frøydis