Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Eg helsar dykk i Jesu namn.

Utgave 5, 2021.


Arbeidet i Dongobesh prosti har vakse veldig. Etter 21. mai har mange fått A- seminar i forskjellige landsbyar, og det takkar dei veldig for. Dei som ikkje kan lesa iraqw, men er lesekunnige, får gå på kurs i tre dagar. Når dei er ferdige, får dei biblar. Det har hjelpt svært på oppmøtet, og dei passar på å komma presis. Leseklassane for analfabetar fortset fint der leiarane på staden har forstått kor viktig dette er. Dei tek imot oss med glede, og klassane har god framgang. Prestar og evangelistar gler seg over desse kursa for å hjelpa vaksne analfabetar. Eg trefte ein prest i TAG (Tanzania Assemblies of God), der me har ein klasse med 16 elevar. Kona hans var ein av elevane. Ho hadde ikkje fått gå på skule fordi foreldra hindra henne og sette henne til å gjeta kyrne. Faren var svært streng. Då denne dama høyrde at det skulle vera skule for slike som henne, var ho den første til å melda seg på i Endesh. Ho oppmuntra også andre til å gjera det same. Resultatet vart ein full klasse med motiverte elevar som stod på for å læra. Dei valde å starta klassen klokka sju om morgonen, slik at dei etterpå kunne ta seg av arbeidet heime med å gjeta, dyrka jorda, koka mat til barna, samla dyregjødsla og mangt anna arbeid.

Ein dag fekk eg besøkja dei i klassen. Då var dei ivrige med ord-korta. Læraren hadde lagt korta på eit bord og blanda dei. Han sa så eit ord, elevane leita etter ordet og sette delane saman. Den nemnde dama var ivrig, for nå kunne ho bokstavane og ho ville læra. Me takkar Gud når me treffer elevar som henne som har forstått at det er viktig å læra å lesa, skriva og rekna. La oss fortsetja å be Gud gi oss mange med ein slik lærelyst! Det gjeld særleg i område me ikkje har nådd ennå, slik som i Ufana, der det hittil ikkje har lukkast å få starta. Dette gjeld også for mange område i Dongobesh prosti. Må Gud gjera eit under for alle desse som treng denne undervisninga! På avslutningsfestane er det fleire leiarar som ber oss fortsetja, fordi det framleis er så mange som treng denne hjelpa. Då eg nyleg var med på avslutningsfesten i Naár, møtte eg ein flokk elevar som stråla av glede. Ein av elevane takka på vegner av alle. Ho sa at hadde det ikkje vore for Frøydis, så hadde dei ikkje fått denne skulen. Be Gud om å styrkja henne og auka levealderen hennar meir og meir til hans store ære!

Takkehelsing frå 1. Krøn. 28,20: «Så sa David til Salomo, son sin: «Ver modig og sterk, gå til verket! Ver ikkje redd og mist ikkje motet! For Herren Gud, min Gud er med deg. Han slepper deg ikkje og går ikkje frå deg før du har fullført alt som skal gjerast for tenesta i

Herrens hus.»


Skrive av: Agnes Philipo, omsett av Kjellfrid Eggebø